Jørgen
Jørgen er eit mannsnamn av gresk opphav.
Avleiing
endreNamnet stammar frå greske Geôrgios (Γεώργιος), eit mannsnamn sett saman av geô (jord) og ergo (å arbeida). Det tyder altså 'jordbrukar' eller 'bonde'. Namneforma Jørgen har lågtysk opphav, og har vore mykje brukt i Danmark og Noreg. På norsk har ho og vore forveksla med Jørund. Andre nordiske former av namnet er Ørjan og Georg. Namnet har òg kvinnelege utgåver, der det som tilsvarar Jørgen er Jørgine.
Bruk
endreI 2010 var det 10 898 menn som heitte Jørgen i Noreg. Etter ein nedgang i bruken i løpet av 1900-talet, steig han igjen frå rundt 1970, til ein topp på over 1,0 % rundt 1990.
Kulturell tyding
endreHeilage Jørgen, drakedreparen som òg er kjend som sankt Georg, var ein viktig kristen helgen, og gjorde sitt til at det audmjuke namnet spreidde seg i Europa og vidare. Det finst no i forskjellige former i dei fleste europeiske språka.
Jørgen hattemakar er eit omgrep som vert brukt for å symbolisera «vanlege» folk, då ofte samanlikna med kong Salomo, som symboliserer storfolk, rikfolk og liknande.
Utanlandske variantar
endre- Engelsk: George
- Fransk: Georges
- Gresk: Geôrgios (Γεώργιος)
- Italiensk: Giorgio
- Katalansk: Jordi
- Litauisk: Jurgis
- Russisk: Georgij (Георгий)
- Spansk: Jorge
- Svensk: Göran
- Tysk: Georg, Jörg, Jürgen
- Ungarsk: György
Kjende namneberarar
endre- Jørgen Herman Vogt (1784–1862), norsk jurist og statsminister
- Jørgen Moe (1813–1882), norsk biskop, forfattar og eventyrsamlar
- Jørgen Løvland (1848–1922), norsk politikar
- Jørgen Reitan (1871–1944), norsk skolemann og språkforskar
- Jørgen Tjønnstaul (1894–1985), norsk spelemann
- Jørgen-Frantz Jacobsen (1900–1938), færøysk forfattar
- Jørgen Husemoen (1905–1976), norsk spelemann
- Jørgen Leth (f. 1937), dansk forfattar
- Jørgen Kosmo (f. 1947), norsk politikar
- Jørgen Norheim (f. 1952), norsk forfattar og historikar
- Jørgen Rostrup (f. 1978), norsk idrettsutøvar
Kjelder
endre- Søk etter norsk namnestatistikk for Jørgen hjå Statistisk Sentralbyrå
- «Jørgen» i Store norske leksikon, snl.no.