Jørgen Tjønnstaul

Jørgen Tjønnstaul (1. juli 189422. april 1985) var ein kjend spelemann frå Telemark.

Jørgen Tjønnstaul
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. juli 1894
Kviteseid
Død

22. april 1985 (90 år)

Yrke musikar
Far Olav Tjønnstaul

Jørgen vart fødd i Seljord, og var son av sogeseiaren Olav Tjønnstaul. Han lærde spel av faren først, og sidan av andre spelemenn i nærleiken. Då han var fire år, døydde mora og søstera Ingebjørg, og faren Olav døydde då han var seksten i 1910. Då reiste han frå Seljordshei og fann seg bustad i Rauland.

Jørgen var ein framifrå dansespelemann, og kjend som ein særs skapande kunstnar. Han spela aldri likt frå gong til gong. Gjennom opptak som er gjort, har det fest seg fire eller fem gode slåtteformer som har vore nytta i seinare år, mellom dei ei form av gangaren Førnesbrunen. Elles kunne Jørgen spela som det fall seg, og var ikkje støtt like nøye på om fela var i orden. Likevel var han ein omtykt dansespelemann.

Elles sat Jørgen Tjønnstaul inne med mykje gamalt soge- og segnstoff etter faren. Han hadde og eit lag for gode replikkar, og det går mange hermer etter han, dei fleste vart samla i eit festskrift til nittiårsdagen hans. Det er sagt at han er meir sitert enn Henrik Ibsen mellom folk i øvre Telemark. Replikkane etter Tjønnstaulen var ofte av ein slik art at dei har vore sitert om lag slik andre subkulturar siterar Monty Python.

Replikkar etter Jørgen Tjønnstaul endre

Knut Buen var mykje i lag med Tjønnstaulen den siste tida han sat på Vinje Aldersheim. Då fall desse orda: Jau, det er då bra her, men det er kje noka framtid, veit du.

Ein annan gong sa han: Det er kje nokon djævel til, Knut. Det er berre noko kvinnfolki hev funne på for å skræme konn.

Tokkevassdraget vart bygd ut, var Jørgen frampå: Ja, her bli ørken. Me lyt selja hestane og kaupe konn kamelar...