Opna hovudmenyen

Jørgen Kosmo

norsk politikar

Jørgen Hårek Kosmo (5. desember 194724. juli 2017) var ein norsk politikar (Arbeidarpartiet) og stortingspresident.

Jørgen Kosmo
Jorgen-Kosmo (cropped).jpg
Jørgen Kosmo
Foto: Lennart Perlenhem/norden.org
Fødd 5. desember 1947

Fauske

Død 24. juli 2017
Parti Arbeidarpartiet
1. verv Riksrevisor
 - periode 2006–2013
 - føregangar Bjarne Mørk-Eidem
 - etterfylgjar Per-Kristian Foss
2. verv Stortingspresident
 - periode 9. oktober 2001–30. september 2005
 - etterfylgjar Thorbjørn Jagland
3. verv Norsk forsvarsminister
 - periode 2. april 1993–17. oktober 1997
 - regjering Brundtland III, Jagland
 - etterfylgjar Dag Jostein Fjærvoll
4. verv Norsk administrasjons-, planleggings-, moderniserings- og fornyingsminister
 - periode 17. mars 2000–5. oktober 2001
 - regjering Stoltenberg I
 - etterfylgjar Victor Norman
5. verv Stortingsrepresentant
 - periode 1985–2005
 - valkrins Vestfold
6. verv Ordførar i Horten
 - periode 1983–1985
Utmerkingar St. Olavs Orden, Nordstjerneordenen, Oranje-Nassau-ordenen
Wikimedia Commons: Jørgen Kosmo

Han var fødd i Fauske i Nordland fylke, var opphavleg anleggsarbeidar, og dreiv lenge med fagforeningsarbeid. Frå 1979 til 1985 sat Kosmo i kommunestyret i Horten, dei siste to åra som formann i kommunestyret. Frå 1985 til 2005 var han vald inn på Stortinget som Arbeidarpartiet sin representant for Vestfold fylke.

Jørgen Kosmo var forsvarsminister frå 1993 til 1997, og statsråd i Arbeids- og administrasjonsdepartementet frå 2000 til 2001. Då han gjekk av som statsråd, vart han vald til stortingspresident. Han sat i dette embetet fram til Thorbjørn Jagland vart stortingspresident i oktober 2005.

I juli 2004 vart Kosmo utnemnd til fylkesmann for Telemark etter Solveig Sollie, men kunne ikkje tiltre stillinga medan han sat på Stortinget. Hausten 2005 vart han utnemnd til riksrevisor.

Den 2. november 2005 tildelte Kong Harald Jørgen Kosmo storkrossen av St. Olavs Orden for embetsforteneste som stortingspresident. Kosmo er den fyrste stortingspresidenten i nyare tid som har motteke ordenen. Same året vart Kosmo også utnemnt til storkors av den svenske Nordstjerneordenen, og i 2013 fekk han den nederlandske Oranje-Nassau-ordenen (Orde van Oranje-Nassau).

KjelderEndra