Jødespansk

(Omdirigert frå Jødespansk språk)

Jødespansk er ein samleterm for språkformer av spansk med meir eller mindre påverknad frå andre iberiske språk som portugisisk, asturiansk og katalansk som tradisjonelt blir bruka av sefardiske jødar i Nord-Afrika, på Balkan, i Tyrkia og i Israel.

Jødespansk
גֿודֿיאו-איספאנייול Djudeo-Espagnol
גֿידֿייו Djidio
גֿודֿזמו Djudesmo
איספאנייול Espagnol
איספאנייוליקו Espagnolico
חאקיטיאה Jaquetía
לאדינו Ladino
Klassifisering indoeuropeisk
 italisk
  romansk
   vestleg
    gallo-iberisk
     ibero-romansk
      vest-iberisk
       spansk
Talarar Sefardiske jødar
Bruk
Tala i  Israel
 Tyrkia
 USA
 Frankrike
 Hellas
 Brasil
 Storbritannia
Jødespansktalande i alt Mellom 70 000 og 200 000[1]
Skriftsystem Mest latinske bokstavar. Opphavleg rashiskrift og solitreo
Andre skriftsystem: Arabisk, gresk, hebraisk og kyrillisk.
Normert av Autoridad Nasionala del Ladino i Israel
Språkkodar
ISO 639-2 lad
ISO 639-3 lad

Jødespansk inneheld mange hebraiske og arameiske ord og ein del arabiske ord. I austleg jødespansk – det vil seie på Balkanhalvøya, i Tyrkia og i Israel – er det mange tyrkiske og greske lånord.

Andre namn for jødepansk inkluderer djudíospanyol, djudezmo, spanyol, jaquetía/haketia (særleg i Marokko) og sidan midten av 1900-talet ofte òg ladino — ein term som tradisjonelt har ei anna tyding.

Språklege særtrekk for jødespansk varierer mykje mellom dei ulike dialektane, men blant dei mest typiske kan nemnast:

  • M for N i ord som muestro/nuestro (‘vår’ (pron.)); mueve/nueve (‘ni’ (num.)).
  • G for H i ord som agora (‘no’, sp. ahora).
  • -U for -O i endingar: anyu/anyo (‘år’); sinku/sinko (‘fem’, sp. cinco).
  • Bevart stemt S mellom vokalar: kaza (‘hus’, sp. casa).

Jødespansk har tradisjonelt vorte skrive med det hebraiske alfabetet, men frå først på 1900-talet har det vore vanleg å skrive språket med det latinske alfabetet.

Kjelder

endre
  1. «Judeo-Spanish Language - General Overview» (på engelsk). Henta 6. januar 2013.  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.

Bakgrunnsstoff

endre

  Wikipediajødespansk

  • Socolovsky, Jerome. «Lost Language of Ladino Revived in Spain», Morning Edition, National Public Radio, March 19, 2007. [1]