Jørgen

mannsnamn

Jørgen er eit mannsnamn av gresk opphav.

Jørgen Rosenkrantz måla i 1640.

Avleiing

endre

Namnet stammar frå greske Geôrgios (Γεώργιος), eit mannsnamn sett saman av geô (jord) og ergo (å arbeida). Det tyder altså 'jordbrukar' eller 'bonde'. Namneforma Jørgen har lågtysk opphav, og har vore mykje brukt i Danmark og Noreg. På norsk har ho og vore forveksla med Jørund. Andre nordiske former av namnet er Ørjan og Georg. Namnet har òg kvinnelege utgåver, der det som tilsvarar Jørgen er Jørgine.

I 2010 var det 10 898 menn som heitte Jørgen i Noreg. Etter ein nedgang i bruken i løpet av 1900-talet, steig han igjen frå rundt 1970, til ein topp på over 1,0 % rundt 1990.

 
Den heilage Jørgen, her kalla Geiorgie, drep draken. Måleri frå ei rumensk kyrkje.

Kulturell tyding

endre

Heilage Jørgen, drakedreparen som òg er kjend som sankt Georg, var ein viktig kristen helgen, og gjorde sitt til at det audmjuke namnet spreidde seg i Europa og vidare. Det finst no i forskjellige former i dei fleste europeiske språka.

Jørgen hattemakar er eit omgrep som vert brukt for å symbolisera «vanlege» folk, då ofte samanlikna med kong Salomo, som symboliserer storfolk, rikfolk og liknande.

Utanlandske variantar

endre
  • Engelsk: George
  • Fransk: Georges
  • Gresk: Geôrgios (Γεώργιος)
  • Italiensk: Giorgio
  • Katalansk: Jordi
  • Litauisk: Jurgis
  • Russisk: Georgij (Георгий)
  • Spansk: Jorge
  • Svensk: Göran
  • Tysk: Georg, Jörg, Jürgen
  • Ungarsk: György


Kjende namneberarar

endre

Kjelder

endre