Jørgen Mohus

norsk målvakt i fotball

Jørgen Aarre Mohus (fødd 5. september 1991) er ei norsk fotballmålvakt frå Bergen.

Jørgen Mohus
Personleg informasjon
Fødd5. september 1991
FødestadBergen
Høgd185 cm
SpelarposisjonMålvakt
Klubbinformasjon
Noverande klubbBrann
Draktnummer1
Ungdomskarriere
-2008Noreg Tertnes IL
Seniorspelar*
ÅrLagKmp (mål)
2009Noreg Brann0 (0)
2009Noreg Åsane (lån)
2011Noreg Åsane (lån)
2012-Noreg Brann4 (0)
Landslag
2008Noreg G174 (0)
* Kampar og mål for klubblag er berre rekna for den heimlege ligaen.
† Kampar (mål).

Jørgen Mohus spelte for Tertnes fram til 2008. Sommaren 2008 vart han henta inn til Brann som reservemålvakt då alle dei dåverande målvaktene var enten skadde eller på utlån. Jørgen Mohus var då 16 år gamal. I 2009 vart han sendt på utlån til Åsane, medan han samstundes trente med Brann. I 2010 var det òg aktuelt å låne han ut, men sidan Brann ønskte å ha høvet til å hente han raskt attende, vart ikkje dette noko av. I heile sesongen var han reserver for Håkon Opdal, som spelte alle kampane dette året, og Mohus fekk berre spele for Brann 2 i tredjedivisjon.[1] I 2011 vart han igjen utlånt til Åsane og spelte heile sesongen i andre divisjon for dei.

I 2012-sesongen vart Mohus andremålvakt for Brann etter Piotr Leciejewski. Diverre skadde han eine ringfingeren under ei trening ei veke før seriestart, [2] og måtte trena utan å bruka hendene i åtte veker etterpå.[3]Piotr Leciejewski òg skadde seg noko etterpå, vart Brann nøydd til å henta inn ei ny målvakt, Hannes Halldorssón frå Island. Mohus fekk debuten sin for A-laget hausten 2012 i bortekampen mot Viking den 4. november. Kampen enda med tap 2–1. Han spelte to kampar til denne hausten.

I 2013-sesongen fekk han spele ein kamp, borte mot Sogndal, då Leciejewski var skadd. Brann tapte kampen 3–1.

Sesong Lag Turn. Kmp Min Ins.m. Ass. Sm G.k. R.k. Resultat
V U T
2013 Brann Tippeligaen 1 90 3 0 0 0 0 0 0 1
Cupen 2 180 1 0 0 0 0 2 0 0
2012 Brann Tippeligaen 3 270 6 0 0 0 0 0 0 3
Totalt 6 540 10 0 0 0 0 2 0 4


Kjelde endre

Fotnotar endre

  1. «Spelarprofil på brann.no». brann.no. Henta 17. mai 2013. 
  2. Fotball.bt.no, 05.04.12: Jørgen Mohus' tunge hverdag, arkivert frå originalen 8. april 2012, henta 11. april 2012 
  3. Brann.no, 21.03.12: Mohus ute med fingerskade, arkivert frå originalen 23. mars 2012, henta 11. april 2012 
Brann – spelarstallen 2013
Målmenn
  1 Jørgen Mohus
  12 Øystein Øvretveit
  24 Piotr Leciejewski
Forsvarsspelarar
  2 Birkir Már Sævarsson
  4 Simen Wangberg
  7 Hassan El Fakiri
  18 Markus Jonsson
  21 Zsolt Korcsmár
  27 Erdin Demir
  30 Jonas Grønner
Midtbanespelarar
  8 Fredrik Haugen
  9 Martin Pusic
  14 Fredrik Nordkvelle
  17 Stéphane Badji
  26 Kasper Skaanes
  29 Kristoffer Barmen
  32 Tomasz Sokolowski
Angrepsspelarar
  11 Vasilij Pavlov
  19 Kristoffer Larsen
  22 Amin Askar
  23 Erik Huseklepp
  28 Bård Finne