Leciejewski starta karrieren sin i Górnik Łęczna, før han drog til Korona Kielce. Han kom til norsk fotball på lån til Sogndal i 2008 og debuterte for Sogndal i ein bortekamp mot Bryne i Adeccoligaen. Leciejewski vart henta inn fordi førstekeeper Terje Skjeldestad vart skadd. Etter å ha imponert for klubben vart overgangen gjort permanent og han vart ei viktig brikke då Sogndal rykte opp til Tippeligane før 2011-sesongen.[2] Leciejewski spelte tre sesongar og nesten 100 obligatoriske kampar for Sogndal.
Brann prøvde i lang tid å få tak i Leciejewski og han vart etter kvart klar for Brann i januar 2011 i ein bytehandel der Cato Hansen og Kenneth Udjus gjekk til Sogndal. Leciejewski fekk eit brot i fingeren under sesongoppkjøringa og det tok derfor noko tid før han fekk starte, og Håkon Opdal fortsette i Brann-målet. Då kontrakten til Opdal ikkje vart forlenga mot slutten av 2011, vart det klart at Leciejewski var tiltenkt rolla som førstekeeper for 2012. Han skreiv ny kontrakt med Brann i februar 2012 for perioden ut 2015-sesongen. Leciejewski vart skadd i skuldra i starten av sesongen, noko som gav reservekeeperane Jørgen Mohus og Øystein Øvretveit speletid i løpet av sesongen. Dei siste tre kampane stod Leciejewski over for å kvile skuldra. Trass i dette vart Leciejewski kåra til «Årets Brann-spelar» av supporerane Bataljonen, i tillegg til dei to lokalavisene Bergensavisen og Bergens Tidende.[3][4]
I bortekampen til Brann mot Lillestrøm i 2012 scora Erik Mjelde utan vilje då han skulle spele tilbake ballen som hadde vorte spelt utover sidelinja for at ein skadd spelar skulle få behandling. Brann-spelarane vart samde om at det ville vere mest «Fair Play» å la LSK få eit mål attende, men trass i at utespelarane til Brann let LSK få gå uhindra mot mål, prøvde Leciejewski å stoppe målet.[2]