Opna hovudmenyen

Jørgen Julius Pedersen (5. desember 187126. august 1948) var ein fiskar, garvar, næringsdrivar og stortingsmann frå Kvæfjord i Troms. Han var medlem av Venstre.

Jørgen Pedersen
Fødd5. desember 1871
Død26. august 1948
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar

Pedersen var son til ein gardbrukar, fiskar og mylnar på Gåre i Kvæfjord. Han dreiv sjølv fiske i åtte år, før han reiste til Kristiania og utdanna seg til garvar. Frå 1899 dreiv han eiga garvarverksemd på Borkenes i Kvæfjord. Pedersen var medlem av heradsstyret frå 1901, ordførar i Kvæfjord frå 1907. Tiåret 1916-26 administrerte han Hypotekbanken sitt avdelingskontor i Tromsø. I lang tid, fram til 1946, var han disponent for Troms Felleskjøp.

Pedersen var i 1889 med å stifte ungdomsforeininga til partiet Venstre i Tromsø amt. Mange år seinare var han leiar for Venstre i stortingsvalkrinsen Trondenes. Frå 1910 til 1915 var han krinsen Trondenes sin representant på Stortinget. I den fyrste valbolken var han medlem av kyrkjekomiteen, i den andre sekretær av same komite, samt medlem av Valkomiteen. Han vart også vald til stortingsmann hausten 1918 og møtte på Stortinget på nyåret 1919, men valet vart forkasta. Ved omvalet vart Christian Rud vald frå krinsen.

KjelderEndra