Gangaren Førnesbrunen

Slåtten Førnesbrunen er ein av dei største slåttane i Telemark, og rekna som eit meisterstykke på hardingfele. Dette har mykje å gjera med den episke samanhengen mellom slått og segn, to tradisjonar som har vore særleg sterkt samanvovne i dette høvet. Hovudtyngda av slåttevariantar finst i Telemark, for det meste under namnet Førnesbrunen, men stundom og under andre namn. I Hardingfeleverket er slåtten sett opp som variantgruppe 161/162, med 27 variantar i alt. Dette er kanskje den største variantgruppa i heile verket, med skyldte slåttar så langt opp som i Valdres. Undergruppa M til U skil seg noko ut, då dette er lausslåttar tilknytt Valdres, Hallingdal og Vestlandet, men med nærskyldt melodisk materiale og same formoppbygging. Desse formgruppene har levd så tett på kvarandre at det finst døme på at spelemenn har kjend variantar av båe og spela dei parallelt. I lista nedanfor gjeld dette særleg Olav R. Berge og Nils Brakvatn.

Den sentrale telemarksforma, som for det meste er kalla opp etter segna, er svært vanleg i Vest-Telemark, og det er nærliggande å tru at slåtten i denne forma høyrer heime på Møsstrond, utan at ein kan seia noko visst om dette. Det har i alle høve vore her at segna og slåtten vart knytt ihop. Tradisjonslinene syner at dei slåttane som ber namnet Førnesbrunen i variantgruppa ser ut til å følgje lina attende til Håvard Gibøen på Møsstrond. Den første vi veit med visse har spela slåtten, er Nils Rekve frå Voss, som var mykje i lag med Knut Lurås, læraren til Håvard Gibøen. Ein av variantane under heiter og Rekveen (etter Petter Veum). Johan Halvorsen nytta opningstaket i slåtten då han dikta orkesterstykket Fanitullen (fele og orkester).

Slåtteformer endre

  • a: Førnesbrunen etter Olav Tjønnstaul[1], Brunkeberg. Skriven ned av Eivind Groven i 1921 etter voksrullopptak (G 378). Motsett dei andre variantane er denne på eit sjeldant stille (A-D-A-Ciss). Forma er noko stuttare enn dei andre.
  • b: Huldraslåtten etter Severin Kjerland[2], Hardanger. Skriven ned av Arne Bjørndal 1938 (B 899). Kjerlamd hadde slåtten etter Lars Røynstrond, Granvin.
  • c: Førnesbrunen etter Olav Rikardsson Berge[3], Rauland. Skriven ned av Eivind Groven i 1922 etter minne (G 597).
  • d: Førnesbrunen etter Torkjell Haugerud[4], Bø i Telemark. Skriven ned av Eivind Groven i 1939 etter opptak i NRK (G 39). Denne forma er heller lang, og har take med klunkinga på strengene, som skal tyde bjøllene i seletøyet på hesten.
  • e: Førnesbrunen etter Knut Vågen[5], Møsstrond. Har og med klunking på strengene. Nedskrift Arne Bjørndal 1947 (B 819). Vågen hadde slåtten etter Kjetil Håvardsson, som i si tur hadde han etter Håvard Gibøen frå Møsstrond.
  • f: Førnesbrunen etter Jørgen Tjønnstaul[6], Kviteseid. Har med klunking og meir utarbeidd pizzicato. Nedskrift Eivind Groven 1957 etter opptak i NRK (G 1087). Forma er gjennomarbeidd og er mykje nytta av yngre spelemenn i dag, mellom dei Hallvard T. Bjørgum.
  • g: Rekveen etter Olav Risdal[7], Hornnes, Setesdal. Denne forma skil seg noko ut frå dei hine. Mellom anna er ho stuttare. Nedskrift Arne Bjørndal 1917 (B 186). Risdal hadde slåtten etter Pål Frøyrak, Bygland, som hadde han etter Neri Neset, Bygland. Han hadde slåtten etter Petter Veum, Fyresdal.
  • h: Halling etter Myllarguten[8]. Denne forma er heller lik den førre. Nedskrifta er etter Schardt, 1850. Mykje tyder på at dette er kjelda til form g.
  • i: Halling etter Ole Bull[9]. Einaste slåttenedskrift etter Ole Bull i Hardingfeleverket. Merknaden til slåtten fortel at Bull skreiv opp «etter hardingfelespel». Eivind Groven førte nota attende til hardingfele. Denne forma vart nok nytta av Bull på konsertar. Ho er heller avansert og vidtfemnande.
  • j: Roesverkjen etter Ola Mosafinn[10]. Nedskrift Truls Ørpen 1910 (Ø 230).
  • k: Roesverkjen etter Magnus Dagestad[11]. Nedskrift Arne Bjørndal 1938 (B 569). Dagestad hadde slåtten etter Ivar Vossebakken. Slåttenamnet er etter Roesverkje, ein gard der det budde ein kjempekar som gjerne dansa til slåtten.
  • l: Halling etter Ola Mosafinn[12]. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B 3). Mosafinn hadde slåtten etter Anders Berge, Voss. Denne varianten var mykje nytta som brureslått.
  • m: Halling etter Johan Kleven[13], Krødsherad. Nedskrift Truls Ørpen i 1918 (Ø 203). Denne forma er kjend som Perigarden, etter ein kjempekar frå Gol, som vart skamfaren av Rotneims-Knut. I Hallingdal og Krødsherad var denne slåtten rekna som jamlik med slåtten knytt til Rotneims-Knut.
  • n: Bøkår-rennan etter Olav Rikardsson Berge[14], Rauland. Nedskrift Eivind Groven 1920 (G 718). Nærskyldt den førre forma.
  • o: Halling etter Nils Brakvatn[15], Hamre. Nedskrift Arne Bjørndal 1942 (B 1572). Brakvatn hadde slåtten etter John Rivenes frå Haus, som truleg hadde han frå Ola Garnes eller Hans Hjerde. Brakvatn skreiv sjølv ned slåttetona, og Bjørndal fylte han ut med harmoniar.
  • p: Halling etter Nils Brakvatn[16]. Nedskrift Arne Bjørndal 1942 (B 1612). Denne forma hadde Brakvatn etter Per Mæle.
  • q: Skjellerudhalling etter Herbrand Hagen[17], Nore. Nedskrift Eivind Groven 1922 (G 512). Slåtten har namn etter spelemannen Gudbrand Skjellerud frå Nes i Hallingdal.
  • r: Halling etter Bjørn Høgetveit[18], Vinje. Nedskrift Eivind Groven 1921 (G 584).
  • s: Geituften etter Eilev Smedal[19], Seljord. Nedskrift Eivind Groven 1936 (G 959). Slåtten heiter etter ein husmannsplass under garden Vasstveit i Seljord.
  • t: Ljøsnohallingen etter Anfinn Kvam[20], Vang i Valdres. Nedskrift Arne Bjørndal 1946 (B 1028). Kvam hadde slåtten etter faren Trond Eltun frå Vang. Slåtten har namn etter dansaren Andres Lysno frå Lærdal, som vart avretta for militærnekt i 1803. Slåtten skulle då ha kome til Vang frå Lærdalskanten.
  • u: Else Heggtveit etter Ånund Tveiten[21], Høydalsmo. Nedskrift Eivind Groven etter minne 1920 (G 569). Else Heggtveit hadde tralla slåtten for Ånund Tveiten, som så hadde kalla han opp etter henne.
  • v: Førnesbrunen etter Einar Løndal[22]. Denne forma er truleg den lengste nedskrifta i heile verket (tre sider), og ei av dei mest kjende. Slåtten er etter far av Einar, Svein Løndal. Nedskrift Eivind Groven 1957 etter opptak i NRK. Løndalsforma har ord på seg for å ha fanga den episke dåmen i segna om Førnesbrunen best av alle.

Supplementsnedskrifter:

Fotnotar endre