Johan Sebastian Welhaven

norsk poet
(Omdirigert frå J. S. Welhaven)

Johan Sebastian Welhaven (22. desember 180721. oktober 1873) var ein norsk diktar, forfattar og filosofiprofessor.

Johan Sebastian Welhaven

Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. desember 1807
Bergen
Død

21. oktober 1873 (65 år)
Christiania

Yrke lyrikar, skodespelforfattar, litteraturkritikar, universitetslærar, skribent, filosof, litteraturhistorikar
Far Johan Ernst Welhaven
Born Hjalmar Welhaven
Johan Sebastian Welhaven på Commons

Welhaven hadde gåver som biletkunstnar og hadde ønskt å gå den vegen, men fekk lita oppmuntring. Som skribent tok han til som polemikar. Først seinare braut han gjennom som sentrallyrikar. Den første diktsamlinga kom i 1839. Fleire av dikta hans hentar emne for folkedikting og segner. I emneval høyrde til han for ein stor del nasjonalromantikken, og skreiv dikt som «Nøkken», «Myllarguten» og «I Kivledal». Han skreiv og kjærleiksdikt og stemningsfulle natur- og/eller kjærleiksdikt som «Den Salige», «Lokkende Toner» og «Hvile i Skoven». Stilistisk var han ein poetisk realist. Han var òg mykje av ein klassisist i stil og i emneval, som når han nytta ut antikke mytar i fleire av dikta sine. Han skreiv og essayistikk og litteraturhistoriske arbeid, mellom anna om den danske diktaren Johannes Ewald og om nordlandsdiktaren Petter Dass.

Biografi endre

Oppvekst i Bergen og studiar i Kristiania endre

Welhaven vart fødd i Bergen der far hans var prest ved leprasjukehuset. Mora var dansk og kjend for å ha hatt ein velutvikla kristisk sans. Ei av søstrene var Maren Sars som skulle bli mor til professorane Ernst Sars, historikar, og Ossian Sars, oceanolog. Han hadde og ei søster, Elisabeth, som vart lyrikar.

Welhaven gjekk på Bergen katedralskole, men likte seg dårleg. Det einaste lyspunktet i følgje han sjølv, var norsklæraren Lyder Sagen, som fekk mykje å seia for Welhavens estetiske syn, og på det han etter kvart skulle skapa som diktar. Den danske tremenningen, diktaren, kritikaren og teatermannen Johan Ludvig Heiberg, kom også til å få stor innverknad på Welhavens kunstsyn.

Student Welhaven endre

I 1825 byrja Welhaven ved universitetet i Christiania. Han studerete teologi, men kom aldri til å ta eksamen og var omtala som "student Welhaven" til han fekk ei stilling på Universitetet. På 1830-talet vart han meir og meir engasjert i kulturdebatten og var ivrig deltakar i den flokken som vart kalla Intelligenspartiet eller Troppen. Beste venen hans var den kunnige Anton Martin Schweigaard som fekk mykje å seia for han.

Welhavens motpol var fyrst og fremst Henrik Wergeland, grunna deira ulike syn på estetikk og på norsk kulturpolitikk. Welhaven debuterte (anonymt) som lyrikar med det polemiske diktet «Til Henrik Wergeland» (1830), skreiv mot Wergeland i den såkalla Stumpefeiden, og i 1832 kom han med ein polemisk pamflett retta mot Wergelands tidlege dikting. Det neste arbeidet hans var ein svær sonnettesyklus, Norges Dæmring (1834), som frå formell synsstad er godt laga, men frå innhaldssynstad er nokså monoton. Der tok han opp kulturpolitiske spørsmål og sende piler mot Wergeland og krinsen rundt han, dei såkalla "Patriotane«. Welhaven meinte at Noreg var åndsfattig og såg m.a. på patriotane i Wergelandkrinsen som brautande og primitive. Dette kjem klårt fram i «Norges Dæmring»(1834). Men mot slutten stig det fram eit kulturpolitisk program, som jamvel Wergeland i nokon mon kunne ha underskrive! Verket førte til ein ny offentleg strid. Den gjekk under namnet «Dæmringsfeiden» og skal ha hatt kring 45 involverte. Welhavens hardaste motstandar i striden var Wergelands far, Nicolai Wergeland.

For meir om dette emnet, sjå Konflikten mellom Wergeland og Welhaven.

Camilla, Ida og Josephine endre

Welhaven var ei tid «hendraget» til Wergelands søster Camilla (seinare gift Collett). Ho var djupt hugteken i han, men det var for mykje som stod i vegen for ei verkeleg tilnærming. Camilla Collett søkte trøyst i brevskriving og dagbokskriving. Ho samla desse dokumenta i eit skrin, og dei er ugjevne lenge etter at ho døydde. Welhaven på si side har skrive dikt der Camilla Collett kan attkjennast. Det finst og nokre brev mellom dei.

Welhaven forelska seg i søster til komponisten Halfdan Kierulf. Idas mor sette seg imot, og han fekk ikkje koma i Idas heim før Ida var dødssjuk av tæring. Welhavens kjærleiksbrev til Ida er vidgjetne. Det same er dikt han skreiv inspirert av minnet om henne fleire år seinare. Mest kjend er «Den Salige». Nokre år etter at Ida var død, gifte han seg med den danske Josephine Bidoulac. Dei fekk fem born, mellom anna arkitekten Hjalmar Welhaven.

I 1859, då Camilla Collett hadde vore enke i fleire år, kom det til ei slags klårgjering mellom henne og Welhaven. Men omgangsvener kunne dei aldri bli.

Sluttord endre

Welhaven vart i 1840 tilsett [på prøve] som lektor i filosofi, vart seinare fast tilsett, og rykte endeleg opp til professor ved Universitetet i Oslo. Han miste kona si i 1866, og dei siste åra leid han av Parkinssons sjukdom og måtte trekkje seg som universitetslærar i 1868. Welhaven døydde i 1873. Etterkomarane etter Welhavenkrinsen grunnla seinare det politiske partiet Høgre.

På hyrna av Skovveien og Briskebyveien i Oslo, ikkje så langt frå der Welhaven budde dei siste åra, står det ein statue av Welhaven som framstiller grublaren og drøymaren. Den er laga av Gunnnar Utsond.

Utgjevingar endre

  • Henrik Wergelands Digtekunst og Polemik ved Aktstykker oplyste (litteraturkritikk) 1832
  • Norges Dæmring. Et polemisk Digt (lyrikk) 1834
  • Digte (lyrikk) 1838
  • Nyere Digte (lyrikk) 1844
  • Halvhundrede Digte (lyrikk) 1847
  • Reisebilleder og Digte (lyrikk) 1851
  • En Sjel i Vildmarken (forteljing) 1856
  • En Digtsamling (lyrikk) 1959
  • Ewald og de norske Digtere (litteraturhistorie) 1863
  • Metaphysik i 100 paragrafer (filosofi ved A. Aarnes og E.A. Wyller) 1965

Litteratur endre

  • Wergeland, Nicolai 1833: Retfærdig Bedømmelse af Henrik Wergelands Poesie og Karakteer (tilsvar til Welhavens pamflett av 1832). Ny utgåve i 1995, med innleiing og kommentarar
  • Løchen, Arne 1900: Johan Sebastian Welhaven – Liv og Skrifter
  • Sars, Johan Ernst: Samlede Værker IV
  • Gran, Gerhard: Nordmænd i det 19de aarhundrede b. 1
  • Hauge, Ingard 1955: Tanker og tro i Welhavens poesi (doktoravh.)
  • Hauge, Ingard 1990: «Welhaven og det uutsigelige», i Bibelen i Norge s. 301–312
  • Hauge, Ingard 1990: «J. S. Welhaven – mannen, verket, tiden». I:Demringens tolker, en essaysamling om Johan Sebastian Welhaven / ved Asbjørn Aarnes og Paul Grøtvedt ISBN 82-588-0604-1
  • Beyer, Edvard 1990: Norsk litteraturkritikks historie 1770–1940. B. 1: 1770–1848. ISBN 82-00-06623-1
  • Vassdal, Tore 2006: Bastian, Johan Sebastian Cammermeyer Welhaven som bergenser og vestlending ISBN 82-7916-041-8
  • Seip, Anne-Lise 2007: Demringstid, Johan Sebastian Welhaven og nasjonen . Aschehoug, 2007 ISBN 978-82-03-19237-1

Bakgrunnsstoff endre