Opna hovudmenyen

Konflikten mellom Wergeland og Welhaven

Den litterære, politiske og personlege konflikten mellom Wergeland og Welhaven er blitt ståande som symbolet på ei brytingstid i norsk kultur på 1830-talet.

Henrik Wergeland
Johan Sebastian Welhaven

Sjølv om dei to prestesønene Henrik Wergeland og Johan Sebastian Welhaven båe var romantikarar, var det stor skilnad på dei. Wergeland representerte venstreromantikk og høgromantikk medan Welhaven representerte høgreromantikk og nasjonalromantikk. Difor kom desse til å bli motpolar i samtida.

Wergeland var varmhjerta, spontan og strilyndt. Han hadde lett for å få både vener og fiendar. Han arbeidde raskt, skreiv impulsive dikt i frie former, eller han kombinerte ulike sjangrar. Han var medveten om dikterisk form, men han braut med klassisistiske stilideal. Han hadde og politiske idear, såg langt framover, ville jamne ut klasseskilnader og gjera samfunnet meir demokratisk. Han la vekt på rolla til bøndene og ville setja dei i stand til å ta del i dei demokratiske avgjerdsprosessane. Wergeland såg verdiane talespråket på bygdene og henta inn ord og vendingar frå dette i sitt eige språk. Samtida hadde lett for å sjå på det som språkøyding. I dag er språkstoff som Wergeland tok opp, fullt godteke. Halvdan Koht kalla han jamvel for «måltankens far» (jf. skriftet: Wergeland i strid for bonde og arbeidar)

Welhaven var ein tungekvass bergensar med utvikla sans for estetikk og kritikk. Han hadde hatt Lyder Sagen som lærar på skulen, og ovundra den danske tremenningen sin, Johan Ludvig Heiberg, som var ein frykta smaksdomar på den tid. Welhaven utvikla seg seint som diktar, men gjekk tidleg laus på Wergelands dikting som han meinte var kaotisk og i strid med den klassisistiske estetikken han var lært opp i. Mange har meint at Welhaven sette fram så strenge formkrav at dei batt han sjølv som diktar. Samstundes lukkast han i å gje næring til seigliva fordomar mot Wergelands dikting.

Welhaven ville halde på det kulturelle og språklege sambandet med Danmark og byggje opp under den dominerande stillinga til embetsmannstanden. Det hadde nok og mykje å seia at han var ein nær ven av A.M. Schweigaard. Welhaven såg og verdiar i bondekulturen, men han ville ikkje som Wergeland, politisere bonden. Men både Wergeland og Welhaven ønskte at Noreg skulle utvikle seg som statsnasjon og kulturnasjon

Som personar var Wergeland og Welhaven både like og ulike. Dei hadde båe sans for polemikk og hadde ikkje lett for å gje seg. Men Wergeland var den opne, frilynde og viltre, medan Welhaven kunne verka gruvlande og mutt. Sommetider slengde han frå seg beiske kommentarar som andre tok ille opp. Han lika og å ha publikum og gjekk for å vera ordhag og ein god talar. Men Wergeland hadde større vengefang og ei mest ufatteleg skaparkraft. Welhaven var nok gåverik og skreiv dikt som framleis lever, men som diktar var han meir på line med folk som Andreas Munch og Jørgen Moe. Det er sagt at Welhaven var talentet, medan Wergeland var geniet.

«Hvorlænge vil du rase mod Fornuften?»Endra

Opphavet til konflikten var Welhavens reaksjon på Wergelands kosmologiske diktverk Skabelsen, Mennesket og Messias som kom ut 6. juli 1830. Welhaven hadde laga omslagsteikninga før han hadde lese det. 15. august 1830 fekk Welhaven (anonymt) prenta eit polemisk dikt i Morgenbladet som byrja med orda: «Hvorlænge vil du rase mod Fornuften?/ Hvorlænge vil du svinge Don Quijoteisk Spær?» Wergeland svara dagen etter i same avis at han hadde vilja skrive «Menneskehedens Epos» og «Republikanerens Bibel», og at han vona på ein høgare domstol enn «Anonymens». Utover det ville han ikkje ta til motmæle. Men opptaket var gjort til ein konflikt som tok til som strid om estetiske problem, men som etter kvart voks til ein strid om (kultur)politikk.

«Stumpefeiden»Endra

I september og oktober 1831 tok «Stumpefeiden» til i Studentersamfundets handskrivne avis. Stumpane var satiriske stofer som vart nytta som våpen i den mannjamninga mellom Wergeland og Welhaven som etter kvart tok fart. Også andre kasta seg inn i striden. Lenge var dette ein intern strid, men ved eit uhell spreidde han seg til det offentlege rommet. Noko av materialet vart trykt i Trondheim, og med det kom feiden ut i avisene. «Stumpefeiden» heldt fram i om lag to år.

I 1832 gav Welhaven ut ein pamflett han kalla Henrik Wergelands Digtekunst og Polemik ved Aktstykker oplyste. Her trykte han opp att og vedkjende seg offentleg diktet frå Morgenbladet sumaren 1830. Fleire av stumpane var og tekne inn i skriftet. Boka var eit velskrive åtak på alt Wergeland hadde gjeve ut til då, dvs**Digte. Første Ring frå 1829, ei rekkje skodespel og verdsdiktet (kosmogonien) Skabelsen, Mennesket og Messias. Welhaven meinte Wergeland var formlaus og stillaus, og at han knapt sjølv skjøna det han skreiv. Åtaket var så ovedrive at Nicolai Wergeland kjende seg nøydd til å gå ut med eit forsvar for sonen: Retfærdig Bedømmelse af Henrik Wergelands Poesie og Karakteer (1833). Her avviste hans argumenta til Welhaven punkt for punkt.

Wergeland og Welhaven vart frontfigurar i kvar sin flokk. Allereie tidleg på sommaren 1832 hadde Welhavenflokken brote ut av Studentersamfundet. Dei laga Studenterforbundet som òg stifta sitt eige tidsskift, Vidar. Til Welhavenflokken som vart kalla «Intelligentspartiet» eller «Troppen», høyrde folk som A.M. Schweigaard, Frederik Stang, og historikaren P.A. Munch. Programdiktet var skrive av Welhaven, og det var ingen tvil om kven Fenrisulven som Vidar hadde som føremål å overvinne. Vidar heldt seg oppe i to år.

Wergelandflokken vart kalla «Patriotene» eller «Norskhedspartiet». Til denne høyrde m.a. juristane Ludvig Kristensen Daa og Frederik Lerche. Pedagogen Henrik Anton Heltberg som skulle koma til å opprette den såkalla Studentfarbikken, og som Bjørnson og Garborg seinare hylla i diktinga si, høyrde og til Wergelands flokk.

«Dæmringsfeiden»Endra

I 1834 kom Welhaven ut med sonettesyklusen Norges Dæmring. Boka var eit kulturpolitisk innlegg som kritiserte det kulturfattige Noreg på det grøvste. Det vart av mange oppfatta som eit åtak på sjølve fedrelandet, trass i slutten, som varslar om ei komande demring. Fintene til patriotane var mange og kvasse. Nicolai Wergeland rykte ut med ei ny bok, og no tok han ikkje på Welhaven med silkehanskar. Det kom og nye harde innlegg for imot. Ein reknar at det var ca 45 personar innblanda i «Dæmringsfeiden». «At denne Kamp maatte blive af den heftigste Natur, var en Selvfølge; thi det gjaldt hverken mere eller mindre end selve Nationalitetens Væsen», skriv Hartvig Lassen som held fram slik: «Det var en Strid mellem to Partier, der tale hvert sitt Tungemaal, hvoraf begge Partier kun forstaa Skjeldsordene.»[1]

«Vidar» fekk etter kvart ein oppfølgjar i dagsavisa «Den Constitutionelle». I 1835 gav Wergeland ut den morosame farsen «Papegøien», eit eventyrspel med ålmenngyldig problematikk, men med referansar til «Stumpefeiden», «Dæmringsfeiden» og litt av kvart anna.

CampbellerslagetEndra

Då Wergeland i januar 1838 for første gong fekk opp eit stykke på Christiania Theater, syngjespelet Campbellerne, mobiliserte Intelligenspartiet og fekk i stand pipekonsert ved andre framføringa 28. januar. Både Stang og Schweigaard var aktive; Welhaven heldt seg unna. Den gongen sigra klapparane over piparane. «Mit stolteste Øieblik» skreiv Wergeland seinare i livsskissene Hassel-Nødder. Men det gjekk hardt for seg, og folk slost på nevane utanfor teateret etter førestillinga. Teaterslaget fekk eit etterspel i Den Constitutionelle der Wergelands dikting vart meiningslaust kritisert av mannen som seinare skulle bli svogeren hans, Peter Jonas Collett.

Det tener elles Wergeland til ære at han trass i alt evna å sjå kvaliteten i dikt som Welhaven gav ut seinare. Welhaven kom med si første samling med sentrallyrikk i 1839. Wergeland rådde til dømes eit par svenskar som ville låne norske dikt på Universitetsbiblioteket der han arbeidde, til å lesa Welhaven. Wergeland løynde kven han sjølv var.[2]

  • Krogness, J.R.:Tro og detailleret Fremstilling af Det berømte Theaterslag i Christiania den 28de januar 1838, trykt paa Axelsens Forlag i 1838.

Camilla CollettEndra

Camilla Collett, den 5 år yngre søstera til Wergeland, var på 1830-talet stormforelska i Welhaven. Ho var glad i bror sin, og ho drøymde om Welhaven. Då far hennar også gjekk sterkt ut i striden mellom desse to, vart det mest ikkje til å halde ut. Welhaven var på si side fengsla av den gåverike Camilla, skreiv vakre brev til henne og ønskte å ha henne som ei søster. Det har vore sagt at sjela til Camilla var eit dansegolv som konfliktane i samtida sleit på. Det gjekk etter kvart opp for Camilla at ho måtte gje opp Welhaven som dessutan hadde forelska seg i venninna hennar, Ida Kjerulf. I 1839 blei Camilla trulova med Peter Jonas Collett, som høyrde til Welhavenkrinsen.

Vegen vidareEndra

Striden som frå først av var ein strid om estetiske spørsmål, vart ein strid om korleis nasjonen skulle utviklast. Skulle vi bli ein sterk kulturnasjon ved å satse mest mogeleg på embetsstanden og halde på kultur-og språksambandet med Danmark, slik Welhaven ville; eller skulle ein byggje opp ein sjølvstendig norsk kultur, tufta på norske kulturelle tradisjonar, også språklege og musikalske, nasjonalisere kulturtilfang frå den store verda og gjera breie lag av folket i stand til å ta del i politiske avgjerdsprosessar, slik Wergeland ville? Både Welhaven og Wergeland ville gjera bruk av folkekulturen, men dei hadde ulikt syn på «folket».[3]

Så uferdig som den norske staten var, nådde den litterære striden mellom Welhaven og Wergeland først og fremst ut til akademikarane, men her var striden viktig nok. På Wergeland si side stod patriotane med tankegods frå opplysingstida og den franske revolusjonen, saman med Welhaven stod den såkalla «intelligensen». Welhaven sjølv var først og fremst estetikar med røter mellom anna i nasjonalromantikk og tyske idear. Han arbeidde ikkje beinveges politisk, slik Wergeland gjorde. Men i welhavenflokken fanst det praktiske politikarar, og to av dei vart seinare statsministrar i Noreg, Schweigaard og Stang. Den tiltaksrike Stang har jamvel fått tilnamnet «løftestangen».

Det var «intelligensen» om overtok hegemoniet rundt 1840, både innanfor elitekulturen, jusen, økonomien og i politikken. [4] Og det var etterkomarane etter «Intelligensen» som seinare stifta det politiske partiet Høgre.

For ettertida har synet på rollene Wergeland og Welhaven spela i kampen for det nasjonale endra seg. Det heng saman med at nasjonale strevet i Noreg vart meir politisk radikalt mot slutten av 1800-talet, med til dømes ein politikar som Johan Sverdrup og diktarar som Bjørnson og Garborg. Då låg det betre til rette for at arven frå Wergeland kunne få gjennomslag.

Wergeland framstod meir og meir som universaldiktaren og demokraten, Welhaven som den spesifikt nasjonalromantiske diktaren. [5]

ReferansarEndra

  1. Jf. Lassen, Hartvig 1877, Henrik Wergeland og hans Samtids. 127.
  2. Jf. Hassel-Nødder
  3. Sjå t.d. Seip, Anne Lise, 2007: Demringstid : Johan Sebastian Welhaven og nasjonen / Anne-Lise Seip og Gran, Gerhard, 1899: Norges Dæmring og Koht, Halvdan, 1908: Henrik Wergeland : ei folkeskrift
  4. s. 138 i Tore Pryser: Norsk historie 1814-1860 Det Norske Samlaget 1999, ISBN 82-521-5547-2
  5. Francis Sejersted i Knut Mykland: Norges Historie, Cappelen, ISBN 82-02-03441-8, b. 10 s 332

BakgrunnsstoffEndra

  Til Henrik Wergeland!Wikikilden (frie originaltekstar)
  Norges DæmringWikikilden (frie originaltekstar)
  Konflikten mellom Wergeland og WelhavenWikikilden (frie originaltekstar)