Jambalaya (On the Bayou)
Jambalaya (On the Bayou) Singel av Hank Williams frå albumet Honky Tonkin' | ||
B-side |
«Window Shopping» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 19. juli 1952 | |
Innspelt | 13. juni 1952 i Castle Studio i Tulane Hotel i Nashville | |
Sjanger | Country | |
Lengd | 2:52 | |
Selskap | MGM K-11283 | |
Komponist | Hank Williams | |
Tekstforfattar | Hank Williams | |
Låtskrivar(ar) | Hank Williams | |
Hank Williams-kronologi | ||
«Half as Much» (1952) |
Jambalaya (On the Bayou) | «Settin' the Woods on Fire» (1952)
|
«Jambalaya (On the Bayou)» er ein song skriven og spelt inn av den amerikanske countryartisten Hank Williams og først gjeven ut i juli 1952. Han er kalla opp etter matretten jambalaya frå creolsk og cajunmat og har sidan blitt spelt inn av mange andre artistar.
Forfattarskap
endreMelodien er basert på Cajun-songen «Grand Texas», men somme kjelder, som Allmusic, hevdar songen vart skriven av Williams i lag med Moon Mullican, der Mullican ikkje er tilskriven songen, men likevel får honorar.
Songen kom ut i juli 1952 og stod då med Williams som einaste låtskrivar. Songen nådde toppen av country-lista i USA, der han låg heile fjorten veker på rad.[1] «Jambalaya» er i dag ein av dei mest populære songane til Hank Williams.
Cajun-røter
endreSidan originalmelodien av songen var frå ein fransk cajun-song kalla «Grand Texas», er songen ein viktig song i cajun-kultur. Sjølv om Williams endra teksten, heldt han temaet til Louisiana. Etter Williams gav ut sin versjon, spelte cajun-folk inn songen igjen med cajun-instrument. Dei nytta då teksten til Williams omsett til cajun-fransk. Slike versjonar er mellom anna framført av Aldus Roger og Jo-El Sonnier.
Lister
endreListe (1952) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Hot Country Singlar | 1 |
U.S. Billboard Most Played By Jukeboxes | 20 |
Andre versjonar
endreJambalaya av Jo Stafford | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1952 | |
Sjanger | Tradisjonell pop | |
Komponist | Hank Williams | |
Tekstforfattar | Hank Williams | |
Låtskrivar(ar) | Hank Williams | |
---|---|---|
Jo Stafford-kronologi | ||
«You Belong to Me» (1952) |
Jambalaya | «Early Autumn» (1952)
|
Ein versjon spelt inn av Jo Stafford i 1952 nådde tredjeplassen på Billboard pop-lista (og gjorde songen kjend for andre enn countryfans). Mitch Miller hadde opphavleg tenkt å la Jimmy Boyd spele inn «Jambalaya» for Columbia Records. Boyd avviste songen og Miller spelte han inn med Jo Stafford. Fleire år seinare spelte Jimmy Boyd inn songen for Dot Records. Han var vidare popularisert i ein rock and roll-versjon av Fats Domino.
The Carpenters spelte inn songen i 1973 for albumet Now & Then. Deira versjon vart gjeven ut som singel utafor USA i 1974 og gjorde det godt i Storbritannia, der han nådde 12. plassen på singellista,[2] og Japan.
Jambalaya (On the Bayou) av John Fogerty frå albumet The Blue Ridge Rangers | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1973 | |
Sjanger | Country | |
Komponist | Hank Williams | |
Tekstforfattar | Hank Williams | |
Låtskrivar(ar) | Hank Williams | |
---|---|---|
John Fogerty-kronologi | ||
«Blue Ridge Mountain Blues» (1972) |
Jambalaya (On the Bayou) | «Hearts of Stone» (1973)
|
Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre The Meters, Jerry Lee Lewis, Jimmy C. Newman, Leon Russell, Charley Pride, Jimmy Buffett, Jeff Healey i 2008 på albumet Mess of Blues, Emmylou Harris i 1976 på albumet Elite Hotel, Moon Mullican, John Fogerty (som nådde 16. plass på singellista i 1973 under namnet The Blue Ridge Rangers), The Muppets, Gerry and the Pacemakers, Brenda Lee, Harry Connick jr., Lucinda Williams, Nitty Gritty Dirt Band (som nådde 84. plassen på singellista i 1972), Billy «Crash» Craddock, George Jones, Leo Kottke, Wes Paul, Dolly Parton, Roomful of Blues, Andy Kaufman, Professor Longhair, Shocking Blue, Freddy Fender, The White Stripes, Tab Benoit og Tommy Funderburk (i filmen Steel Magnolias), Van Morrison og Linda Gail Lewis i 2000 på albumet You Win Again, Garth Brooks og Doug Kershaw og The Residents.
Songen er òg spelt inn på mange andre språk, som kinesisk, nederlands, fransk, italiensk, polsk, tysk, spansk og estisk.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jambalaya (On the Bayou)» frå Wikipedia på engelsk, den 5. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. s. 387.
- ↑ Carpenters UK chart history, The Official Charts Company. Henta 20. mars 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- Excerpt of Brenda Lee singing «Jambalaya", 9. april 1960 on Ozark Jubilee