Jan Adolph Budde (1811 - 1906)

Jan Adolf Budde dreiv i perioden 1846 - 1876 landbruksskule på Austrått i Høyland ved Sandnes i Rogaland. Han var ei drivande kraft for det landbruksteknologiske miljøet som var på Jæren på denne tida. Landbruksskulen var berre ein av fleire aktivitetar Budde dreiv for å fremja landbruksutvikling i Rogaland. Han hadde også tillitsverv i Landshushaldningsselskapet.

Nye reiskap og utvikling av desse stod sentralt i undervisinga på skulen og i føredrag han reisete rundt med og i artiklar i ymse tidsskrift.

Elevane skulle læra både å laga og bruka det vanlegaste landbruksreiskapen som var høveleg for distriktet. Elevane hadde engelske lærebøker og kopierte teikningar av ulik reiskap. I teoriundervisninga blei det gjennomgått konstruksjonsmåtar for ei rekkje reiskapar. På skulen var det både ein eigen snikarverkstad og ei smie. Av reiskapane som blei laga av elevane på skulen kan nemnast:

  • Doble skotske horver
  • Nepesåmaskinar
  • Tromler med delt stokk
  • "Skjæremaskine for Turnips"
  • "Kornrensingsmaskine"
  • "Drilkultivartor med 2 Sæt Jern - heelt af jern"
  • "Kornsækruller"
  • Kjerrehjul

Kjende elevarEndra

Kjende grunnleggjarar av reiskapsfabrikkar som alle har gått på J.A. Buddes landbruksskule:

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra