Jan Christian Johanssen
Jan Christian Johanssen (16. juni 1841–11. august 1911) var ein klassisk filolog og skulemann frå Trondheim. Han var stortingsrepresentant 1880-82.
Jan Christian Johanssen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 16. juni 1841 |
Død |
11. august 1911 (70 år) |
Yrke | pedagog, politikar |
Språk | norsk |
Jan Christian Johanssen på Commons |
Far til Johanssen var skulestyrar og klokkar ved domkyrkja i Trondheim. Sjølv vart han student frå katedralskulen i heimbyen i 1857 og cand. philol. i 1864. Han var deretter lærar ved faren sin privatskule i Trondheim 1864-65 og i 1866 lærar ved privatskular i hovudstaden. Frå 1867 til 1875 var han universitetsstipendiat i latinsk filologi ved universitetet i Kristiania, og konkurrerte i 1875 med J. P. Weiss om det ledige professoratet i filologi.
Frå 1876 var Johanssen styrar av den kommunale høgare allmennskulen i Fredrikstad.
Johanssen representerte Fredrikstad på Stortinget 1880-82 og på omframstortinget 1882. Han var medlem av gasje- og pensjonskomiteen.
I 1894 vart Johanssen utnemnd til ekspedisjonssjef i kyrkjedepartementet, der han blant anna var med på å gjennomføre nyordninga av den høgare skulen etter lova av 27. juli 1896. I 1900 vart han rektor ved Skiens skole. Han tok avskjed frå denne stillinga i 1909.
Han døydde i Kristiania i 1911.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914