Jarnbane i Aserbajdsjan

Jarnbane i Aserbajdsjan utgjer i alt 2 932 km, men av denne lengda er det berre 2 117 km som er brukbart og 815 km som er dobbeltspora. Godstransporten på jarnbane i Aserbajdsjan har tapt store marknadsdelar i den seinare årane, og frakta berre 18 % av det samla godset i landet i 2003 samanlikna med 21 % i 1999 . Store delar av jernbanespora og det rullande materiellet har behov for reparasjon eller utskifting. Av den samla, brukbare lengda er 60 % eller 1 272 km elektrifisert.[1] Omkring 60 % av lengda til jarnbana eller 1 126 km er utstyrt med heilautomatiske blokker og 479 km har sentraliserte togleiarar. Jarnbanenettverket har 176 stasjonar. To av desse, Bilajari og Shirvan, er fullt automatiserte, medan tolv stasjonar har beremekanismer og -maskiner for containerar. Tre stasjonar – Keshle, Ganja og Khirdalan – er i stand til å handtera ekstra høge og tunge containerar.

Kart som viser Aserbajdsjans jarnbanenettverk.

Den 7. februar 2007 vart det underteikna ein avtale om ein framtidig bane mellom Kars, Tbilisi og Baku (Kars-Tbilisi-Baku-jarnbana). Den 12. september same året kunngjorde Musa Panahov, nestleiaren i det nasjonale samferdselsdepartementet, at bygginga av strekninga ville byrja i oktober. Utbyggingskostnadene er berekna til 200 millionar amerikanske dollar, og av dette beløpet kjem 50 millionar dollar frå Aserbajdsjans statlege oljefond (State Oil Fund of Azerbaijan, SOFAZ). Den spektakulære feiringa var venta å finna stad i Tyrkia 10. oktober 2007, og den første skinna ville leggjast ned i løpet av mars eller april 2008.[2]

Jernbanenettet endre

 
Baku jernbanestasjon er midtpunktet for jarnbana i landet

Samla lengd: 2 932 km (for vanleg passasjer- og godstransport, inkluderer ikkje industribanar)

  • Breispor (1 520 mm): 2 122 km (per 2006)
  • Elektrifisert: 1 278 km (per 2006)
  • Landet sin rangering på verdsbasis etter samla lengd: 57

Det er berre hovudstaden Baku som har eit tunnelbanesystem: Metroen i Baku

Jarnbanesamband til naboland endre

Aserbajdsjan har jarnbanesamband til følgjande land:

Referansar endre

  1. «Azerbaijan Railways». Indexmundi. 19. desember 2009. Henta 1. november 2007. 
  2. «The cornerstone-laying ceremony of Baku-Tbilisi-Kars Railway to be held in October». Azeri Press Agency. 12. september 2007. Henta 12. september 2007. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Jarnbane i Aserbajdsjan