Mafraq guvernement
Mafraq (arabisk محافظة المفرق Al-Mafraq, lokale dialektar Mafrag eller Mafra' ) er eit guvernement i Jordan, nordaust for Amman, hovudstaden i Jordan. Det hade eit folketal på 287 300 (2010)[1] som er 4,5 % av innbyggjartalet i Jordan. Administrasjonssenter er Mafraq, som er kjend for militærbasane sine.
Mafraq guvernement | |||
محافظة المفرق | |||
guvernement | |||
Rådhuset i byen Khalediyya
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Nahiyaer | 4 | ||
Byar | Ruwaished | ||
Hovudstad | Mafraq | ||
- koordinatar | |||
Areal | 26 551 km² | ||
Folketal | 300 300 (2012) | ||
Folketettleik | 11 / km² | ||
Guvernør | Saleem Rawahneh | ||
Tidssone | GMT +2 | ||
Retningsnummer | +(962)2 | ||
Urban | 39.2% | ||
Rural | 60.8% | ||
![]() Mafraq guvernement | |||
Wikimedia Commons: Mafraq Governorate | |||

Historie endre
Ein har funne mange romerske og bysantinske stader kring guvernementet, hovudsakleg kyrkjer frå 200-talet evt, og to av dei trur ein er av dei aller eldste kyrkjene som er bygd. Det finst òg romerske vassreservoar i Ruwaished og byen Mafraq. Mafraq har òg eit romersk fort.
Under Det britiske mandatet husa Mafraq militæranlegg som framleis er i drift i dag. Den tredje divisjonen til den jordanske hæren er stasjonert i Mafraq.
Geografi endre
Provinsen ligg i aust i Jordan. Det er det einaste guvernementet i Jordan som grensar til tre land: Irak i aust, Syria i nord og Saudi-Arabia i sør. Det grensar til Irbid og Jerash guvernement i vest, og til Zarqa guvernement i sør.
Mafraq guvernement har det nest største arealet i landet, men den nest lågaste folketettleiken. Klimaet er tørt det meste av året. Dei vestlege delane av provinsen ligg på den frodige Hauran-sletta, og strekkjer seg inn i sørlege Syria, Golanhøgda og nordlege Jordan.
Det ligg ein grenseovergang frå guvernementet til Irak ved Karameh grenseovergang, og til Syria ved Jabir grenseovergang.
Demografi endre
Folketalet i Mafraq guvernement var i 2004 244 188 der 30 % budde i byar og 70 % på landsbygda. Jordansk statistikkdepartement estimerte at det i 2010 var 287 300 innbyggjarar. I 2011 og 2012 førte borgarkrigen i Syria til at meir enn 180 000 syriske flyktningar kom til Jordan, dei fleste til Mafraq og Irbid guvernement. I juli 2012 opna Zaatari flyktningleir for syriske flyktningar.
Administrativ inndeling endre
Mafraq guvernement er delt inn i fire distrikt (eller nahiyaer):
Naihya | Arabisk namn | Inndeling | Administrativt senter | Folketal (2004) | Folketal (2008 est.) | |
---|---|---|---|---|---|---|
1 | Nafraq Casabah | لواء قصبة المفرق | omfattar 72 byar og landsbyar | Mafraq . | 101 712 | 114 550 |
2 | Ruwaishid nahiya | لواء الرويشد | omfattar 12 byar og landsbyar | Ruwaished | 9 805 | 11 040 |
3 | Nord-Badiya (Badiah Shamaliyah) nahiya | لواء البادية الشمالية | omfattar 67 byar og landsbyar | Sabh | 57 706 | 64 990 |
4 | Vest-Badiya (Badiah Gharbiyah) nahiya | لواء البادية الشمالية الغربية | omfattar 45 byar og landsbyar | Sama as-Sarhan قلايدالخيل | 74 965 | 84 420 |
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Mafraq Governorate» frå Wikipedia på engelsk, den 4. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ DOS Jordan, arkivert frå originalen 4. mars 2011, henta 4. oktober 2015