Jericho av The Band
Jericho Studioalbum av The Band | ||
Utgjeve | 2. november 1993 | |
Innspelt | Sommaren 1993; utanom «Country Boy», oktober 1985 og «Atlantic City», 1990/91 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 56:53 | |
Selskap | Rhino | |
Produsent | John Simon, Aaron Louie Hurwitz & The Band | |
The Band-kronologi | ||
---|---|---|
To Kingdom Come: The Definitive Collection (1989) |
Jericho | Across the Great Divide (1994)
|
Jericho er det åttande studioalbumet til det kanadisk-amerikanske rockebandet The Band, og kom ut i 1993. Det var det første albumet deira etter at den originale besetninga vart oppløyst i 1976.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Rolling Stone | [2] |
Albumet kom heile 17 år etter «farvellkonserten» deira, og var den første utgjevinga for Rhino-etiketten Pyramid Records. Med på albumet var dei originale medlemmene Levon Helm (trommer/mandolin/gitar/vokal), Rick Danko (bass/gitar/vokal) og Garth Hudson (orgel/klavers/horn), og i tillegg Jim Weider (som hadde spelt gitar for bandet ei tid etter dei vart gjenforeint i 1983), Randy Ciarlante (som hadde kome inn på trommer i 1990) og Richard Bell (som vart med som keyboardist i 1991). Richard Manuel spelte den siste innspelinga si med The Band på «Country Boy». I tillegg til denne sekstetten spelar fjorten andre musikarar på albumet. Så mange musikarar vart vanleg for bandet på dei siste albuma deira.
Utan Robbie Robertson som tekstforfattar, var gruppa avhengige av hjelp utanfor på fire originale songar. Av desse finn ein Bob Dylan, Bruce Springsteen, Muddy Waters, Willie Dixon og visesongaren Artie Traum.
Måleriet på plateomslaget er huset dei budde i i Saugerties i New York og som inspirerte musikken på debutalbumet Music From Big Pink. Det var òg her Bob Dylan og The Band spelte inn The Basement Tapes.
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Remedy» | Colin Linden, Jim Weider | 4:25 |
2. | «Blind Willie McTell» | Bob Dylan | 6:42 |
3. | «The Caves of Jericho» | Richard Bell, Levon Helm, Rick Danko, John Simon | 5:23 |
4. | «Atlantic City» | Bruce Springsteen | 5:16 |
5. | «Too Soon Gone» | Jules Shear, Stan Szelest | 3:59 |
6. | «Country Boy» | Marshall Barer, Fred Brooks | 3:17 |
7. | «Move to Japan» | Joe Flood, Levon Helm, John Simon, Stan Szelest, Jim Weider | 4:25 |
8. | «Amazon (River of Dreams)» | Artie Traum | 6:00 |
9. | «Stuff You Gotta Watch» | Muddy Waters | 2:50 |
10. | «The Same Thing» | Willie Dixon | 4:31 |
11. | «Shine a Light» | Marty Grebb, Daniel Moore | 4:12 |
12. | «Blues Stay Away From Me» | Altn & Rabon Delmore, Henry Glover, Wayne Raney | 6:01 |
Medverkande
endreThe Band
endre- Rick Danko: Bassgitar, gitarar, fele, trombone, klaverinstrument, vokal.
- Levon Helm: Trommer, perkusjon, mandolin, gitar, vokal.
- Garth Hudson: Orgel, klaverinstrument, trekkspel, elektrisk piano, saksofon, synthesizers, horn.
- Richard Manuel: Piano, klaverinstrument & vokal på «Country Boy».
- Randy Ciarlante: Trommer, perkusjon, korvokal.
- Rick Bell: Klaverinstrument, orgel, piano, trekkspel, korvokal.
- Jim Weider: Gitarar, korvokal.
Gjestemusikarar
endre- John Simon: Elektrisk piano, horn, saksofon.
- Stan Szelest: Elektrisk piano på «Atlantic City» & «Blind Willie McTell».
- Champion Jack Dupree: Piano på «Blind Willie McTell».
- Vassar Clements: Fele på «The Caves Of Jericho» and «Stuff You Gotta Watch».
- Erie Brazilian: Mandolin på «Atlantic City».
- Rob Hyman: klaverinstrument på «Atlantic City».
- Steve Jordan: trommer på «Blues Stay Away From Me».
- Jules Shear: korvokal på «Too Soon Gone».
- Tommy Spurlock: Steelgitar på «The Caves Of Jericho».
- Artie Traum: Akustisk gitar på «Amazon (River Of Dreams)».
- Colin Linden: Korvokal på «Amazon (River Of Dreams)».
- Bobby Strickland: Tenor- og barytonsaksofon på «Remedy» og «Stuff You Gotta Watch».
- Dave Douglas: Trompet på «Remedy» og «Stuff You Gotta Watch».
- Rob Leon: Bassgitar på «Too Soon Gone», «Amazon» og «The Caves Of Jericho».
- Produksjon
- The Band - produsentar
- Aaron Professor Louie Hurwitz - produsent, lydteknikar
- John Simon - produsent
- Chris Andersen - lydteknikar
- Steve Churchyard - lydteknikar
- John Roper - lydteknikar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jericho (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 25. januar 2011.