Jesidismen, òg skrive jezidismen, yezidismen, yazidismen og yesidismen, eller sharfadin er ein religion frå Midtausten. Det finst ingen offisielle tal på jesidiar, ulike kjelder opererer med tal mellom 200 000 og 800 000. Dei fleste lever i Irak, men også i Syria, Tyrkia, Iran, Georgia, Armenia og elles i diasporasamfunn.

Markering av jedisisk nyttår i Lalish i 2017.

Jesidiane har vorte studert med interesse av orientalistar, i stor grad på grunn av at utanforståande har skildra dei som djeveldyrkarar. Denne forståinga finn ein også i bøker innan vestleg populærkultur.

Opphav endre

 
Sheik Adi sitt gravmæle i Lalish

Jesidismen sitt opphav er uklart. Islamske kjelder nemner religionen så tidleg som i det fjortande hundreåret, men nokre akademikarar trekkjer koplingar mellom jesidismen og mithraisme, zoroastrisme og andre gamle religionar i Iran og Levanten.

I religionsvitskapen vert namnet jesidisme ofte knytt til kalif Yazid I (Yazid bin Muawiyah). Jesidiane ærer både profeten Muhammed og sufimystikaren sjeik Adi ibn Mustafa, ein etterkomar av umajadane som vert rekna som opphavsmann for fleire av jesidismen sine heilage tekstar, og ikkje sjeldan som religionen sin stiftar. Jesidismen vert sett på som ei synkrenistisk tru, eit resultat av at tilhengjarar av den sufistiske adawija-ordenen har teke opp element frå lokal tru. I tillegg til islam vert jesidismen rekna å ha teke opp i seg element frå blant anna kurdisk mytologi, manikeisme, jødedom og kristendom.

 
Yesidier i Jebel Sinjar i Irak, nær grensa til Syria (ca. 1900).

Andre moglege tolkingar av jesidismen sitt namn er at det kjem frå yazata, yezdan eller ezid, som tyder gud eller guddommeleg skapning.

Jesidisk tru endre

I jesidisk tru var erkeengelen Malak Ta’us (kurdisk Tawûsê Melek), påfuglengelen, Gud sin fyrste skapning, som fekk ordre om å ikkje bøya seg for nokon annan. Sidan skapte Gud dei andre erkeenglane og pusta så liv i Adam, som alle erkeenglane fekk ordre om å bøya seg for. Det gjorde dei også alle, unnateke Malak Ta’us, som dermed bestod Gud si prøve og vart gjort til leiar for englane og til Gud sin stadfortredar på jorda. Skapinga av dei sju erkeenglane, kjend som heft sirr (dei sju mysteria) vert sagt å ha skjedd i ei periode då jorda framleis var berre ei perle.

Jesidiane trur at både godt og vondt eksisterer i sinnet og i anda til mennesket. Det er opp til mennesket sjølv kva side dei vel. Religiøs reinleik er viktig for yasidiane, det gjer seg utslag i matreglar, ei rekkje tabu og i eit kastesystem. Dei trur også at dei sju erkeenglane jamleg vert fødd i menneskeleg form. Sjeik Adi vert tilskrive å ha samanlikna seg sjølv med Malak Ta’us: Eg var til stades då Adam levde i paradis, og også når Nemrud kasta Abraham i elden. Eg var til stades då Gud sa til me: Du er herskaren og herren på jorda. Gud, den miskunnsame, gav meg sju jorder og trona i himmelen

Dei to viktigaste heilage skriftene i jesidismen er Kitêba Cilwe (Openberringa) og Mishefa Res (Den svarte boka).

Religiøs praksis endre

 
Inngangen til tempelet i Lalish.

Jesidiar har fem daglege bøner og ber i retning sola. Medan onsdagen er vekas heilage dag er laurdagen kviledag.

Det viktigaste religiøse ritualet er ei årleg pilegrimsferd til grava til sjeik Adi i Lalish, nord for Mosul i Irak, i samband med ein seksdagars haustfest, Cejna Cemaiya. Under feiringa badar jesidiar i elva, vaskar figurar som førestiller Malak Ta’us og tenner lamper i grava til sjeik Adi og andre heilage personar.

Forfølging endre

Jesidiar har vore forfølgde ved mange ulike høve. I samband med framrykkinga til Den islamske staten Irak og Levanten i 2014 blei fleire jesidiar massakrerte eller bortførte av invaderande styrkar.[1]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Jesidismen