Jevgenija Kolodko
Jevgenija Nikolajevna Kolodko (fødd 22. juli 1990) er ein russisk tidlegare kulestøytar frå Nerjungri. Ho tok sølvmedaljen i øvinga ved europameisterskapen 2014. To år tidlegare fekk ho sølv under Sommar-OL 2012, ein medalje som vart annullert i 2016.
Jevgenija Kolodko | |
Statsborgarskap | Russland |
Fødd | 22. juli 1990 (34 år) Nerjungri |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2012 |
Utmerkingar | Fedrelandets fortjenstordens medalje av 1. klasse |
Aktiv
endreKolodko vart russisk meister i kulestøyt 2011 og sigra same året i øvinga også ved U23-EM i Ostrava. I verdsmeisterskapen 2011 sette ho personleg rekord med 19,78 meter og vart nummer fem. Under dei olympiske leikane i London i 2012 kom ho på tredjeplass, men ei veke etter vart ho flytta til sølv då den opphavlege vinnaren, kviterussiske Nadzeja Ostaptsjuk, vart hekta for doping. I 2016 strauk IOK også Kolodko frå den same resultatlista.
Den 17. august 2014 støytte Kolodko 19,39 m ved EM-finalen 2014, eit årsbeste som gav henne sølvmedaljen, ein halvmeter bak den tyske gullmedaljøren Christina Schwanitz.
Doping
endreDå dopingprøvene frå Sommar-OL 2012 vart retesta i 2016 fann ein at Kolodko hadde nytta det anabole steroidet Oral-Turinabol og veksthormonet Ipamorelin. Alle hennar resultat i perioden 6. august 2012 til 5. august 2014 vart annullert og ho vart utestengt i to år frå 2. juli 2016. Ho kom ikkje tilbake i tevling.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- VM 2011 i Daegu: Nr 5 – 19,78 m
- OL 2012 i London: Sølvmedalje – 20,48 m (annullert 2016)
- VM 2013 i Moskva: Nr 5 – 19,81 m (annullert 2016)
- EM 2014 i Zürich: Sølvmedalje – 19,39 m
I 2015 gifta Kolodko seg med den kanadiske kulestøytaren Dylan Armstrong.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jewgenija Nikolajewna Kolodko» frå Wikipedia på tysk, den 23. juni 2021.
- «Yevgeniya Kolodko» (på engelsk). Olympedia. Henta 14. mars 2023.