Dylan Armstrong (fødd 15. januar 1981) er ein kanadisk tidlegare friidrettsutøvar frå British Columbia som vann sølv i kulestøyt ved VM 2011 og bronse i same øvinga ved VM 2013.

Dylan Armstrong


Statsborgarskap Canada
Fødd 15. januar 1981 (43 år)
Kamloops
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012, Samveldeleikane 2010

Aktiv endre

I junioralderen prøvde Armstrong seg i fleire av kastøvingane, best gjorde han det i sleggjekasting. På seniornivå lukkast han betre i kulestøyt. Under Sommar-OL 2008 vart han fjerdemann etter ny personbeste på 21,04 meter, ein einaste centimeter bak Andrej Mikhnevitsj på bronseplassen. Meir enn seks år seinare fekk han bronsemedaljen etter at Mikhnevitsj mista alle sine resultatar etter 2005 på grunn av doping.[1]

I 2010 vann Armstrong kuletevlinga i Samveldeleikane med 21,02 meter. Same året i juni forbetra han sin personbeste til 21,58 m ved eit stemne i Baunatal.

Den 25. juni 2011 støytte Armstrong kula 22,21 meter i Calgary, hans livs lengste støyt. Ved verdsmeisterskapen i Daegu i september nådde han 21,64 meter og tok sølvmedaljen, tyske David Storl vann gullet med 21,78 meter som best. I den neste verdsmeisterskapen, i Moskva i 2013, sikra Armstrong seg ein ny VM-medalje. Nemnde Storl og Ryan Whiting frå USA kom framom han på resultatlista.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

I 2015 gifta Armstrong seg med den russiske kulestøytaren Jevgenija Kolodko.

Referansar endre

  1. Shulman, Michael (15. februar 2015). «After 6 years, Canada's Dylan Armstrong finally receives his Olympic bronze» (på engelsk). CTV News. Henta 11. mars 2023. 

Kjelder endre