Jiuquan (kinesisk: 酒泉; pinyin: Jiǔquán) er eit byprefektur lengst vest i provinsen Gansu i den vestlege delen av Folkerepublikken Kina. Byprefekturet har eit areal på 179 744 km² og hadde 1 095 947 ibuarar i 2010.

Gammal festningsport i Jiuquan
Plasseringa av Jiuquan (gul) i Gansu
Sanddyner ved byen Dunhuang, langt vest i byprefekturet Jiuquan

Byprefekturet Jiuquan omfattar eitt distrikt (区 ), to byfylke (市 shì), to fylke (县 xiàn) og to autonome fylke (自治县 zìzhìxiàn).

Geografi endre

Jiuquan har eit kaldt ørkenklima, med lange, kalde vintrar, og heite, til dels turre somrar. Månadstemperaturen varierer frå −9,0°C i januar til 21,7°C i juli, årleg middeltemperatur er 7,5°C. Nesten heile året er det stor skilnad på dag- og nattetemperaturane. Administrasjonsbyen Suzhou ligg om lag 1 500 meter over havet.

Samferdsle endre

Kinas riksveg 312 går gjennom området. Han fører frå Shanghai og endar på grensa mot Kasakhstan, vegen passerer mellom andre Suzhou i Jiangsu, Nanjing, Hefei, Xinyang, Xi'an, Lanzhou, Jiayuguan og Urumqi.

Byprefekturet har flysamband over flyplassen som ligg ved byen Jiayuguan.

Historie endre

Byen Suzhou vart grunnlagt i 111 fvt som ein militær utpost ved Silkevegen til Sentral-Asia. Då det var ein nøkkelstad i Hexi-korridoren, var Suzhou ofte som ein festningsby, og som inn i mellom vart erobra med stort mannetap, som då Meng Qiaofang tok det frå Ding Guodong i 1649, eller då Qing-generalen Zuo Zongtang i 1873 tok det frå hui-folket under muslim-opprøret.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Jiuquan

Kjelder endre