Joe Temperley (20. september 192911. mai 2016)[1] var ein skotsk jazzmusikar. Han spelte ulike instrument, men var mest knytt til baritonsaksofon, sopransaksofon og bassklarinett.

Joe Temperley

Fødd20. september 1929
FødestadLochgelly
Død11. mai 2016 (86 år)
DødsstadEdinburgh
FødenamnJoseph Temperley
OpphavStorbritannia
Aktiv2015–2016
Sjangerjazz, swing-jazz
InstrumentBassklarinett, saksofon, Barytonsaksofon
Verka somjazzmusikar, saksofonist, plateartist

Temperley var fødd i Cowdenbeath i Skottland, og voks opp i Lochgelly.[2] Far hans var bussjåfør.[3]

Temperley spelte fyrst kornett, då han var 12,[2] og byrja deretter å spela saksofon i då han var 14.[4] Seks månader seinare fekk han sin fyrste jobb i Tommy Sampson's Orchestra i Glasgow, etter å ha spelt i lokale danseband.[4] Han blei med i Humphrey Lyttelton sitt London-baserte band i 1957 og var der til 1965, då han flytta til USA.[3] Etter seks månader blei han rekruttert av Woody Herman, som han turnerte saman med i to år.[3]

Han opptredde eller spelte i lag med Buddy Rich, Joe Henderson, Duke Pearson, Jazz Composer's Orchestra, The Thad Jones/Mel Lewis Orchestra og Clark Terry, blant mange andre. I oktober 1974 turnerte han og spelte inn med Duke Ellington Orchestra som erstatning for Harry Carney.[4]

På 1980-talet spelte Temperley i Broadway-showet Sophisticated Ladies. Han spelte i filmar som Cotton Club, Biloxi Blues, Brighton Beach Memoirs, When Harry Met Sally... og Tune in Tomorrow, sistnemnde med musikk komponert av Wynton Marsalis.

Han var gjestementor for Fife Youth Jazz Orchestra-programmet i Skottland.[5] Han var ein av dei fyrste medlemmene av Jazz at Lincoln Center Orchestra, og var på fakultetet ved Juilliard School for Jazz Studies.[6]

Temperley døydde av nyresvikt og kreft i New York by den 11. mai 2016, 86 år gamal.[7][1]

Diskografi

endre

Som leiar

endre
  • Just Friends med Jimmy Knepper (Hep, 1979)
  • When You're Smiling med Benny Waters (Hep, 1981)
  • Concerto for Joe (Hep, 1995)
  • Sunbeam and Thundercloud med Dave McKenna (Concord Jazz, 1996)
  • With Every Breath (Hep, 1998)
  • Double Duke (Naxos, 1999)
  • Live at the Floating Jazz Festival med Kenny Davern (Chiaroscuro, 2000)
  • Saxploitation med Kathy Stobart (Spotlite, 2001)
  • Monk med Junior Mance (Chiaroscuro, 2003)

Som sideman

endre

Med Buck Clayton

  • The Great Buck Clayton (Polydor, 1964)
  • A Buck Clayton Jam Session (Chiaroscuro, 1974)
  • A Buck Clayton Jam Session Vol. IV (Chiaroscuro, 1977)
  • A Swingin' Dream (Stash, 1989)

Med Eumir Deodato

  • Deodato 2 (CTI, 1973)
  • Whirlwinds (MCA, 1974)
  • In Concert (CTI, 1974)

Med Duke Ellington Orkester

  • Continuum (Fantasy, 1976)
  • Music Is My Mistress (Musicmasters, 1989)
  • Four Symphonic Works by Duke Ellington (Musical Heritage Society, 1989)
  • Thank You Uncle Edward (Renma, 2007)

Med Wynton Marsalis og Lincoln Center Jazz Orchestra

  • Crescent City Christmas Card (Columbia, 1989)
  • Tune in Tomorrow (Columbia, 1990)
  • Portraits by Ellington (Columbia, 1992)
  • Big Train (Columbia/Sony, 1999)
  • Live in Swing City, Swingin' with Duke (Columbia, 1999)
  • Essentially Ellington 2000 (Warner, 2000)
  • Plays the Music of Duke Ellington (Brooks Brothers, 2004)
  • A Love Supreme (Palmetto, 2004)
  • Cast of Cats (Brooks Brothers, 2004)
  • Don't Be Afraid...the Music of Charles Mingus (Palmetto, 2005)
  • Vitoria Suite (EmArcy, 2010)
  • Portrait in Seven Shades (Jazz at Lincoln Center, 2010)
  • Live in Cuba (Blue Engine, 2016)

Med Humphrey Lyttelton

  • Humph in Perspective (Parlophone, 1958)
  • Blues in the Night (Columbia, 1960)
  • Hump and Friends (Metronome, 1961)
  • Late Night Final (Columbia, 1963)
  • Humphrey Lyttelton and His Band (Society, 1965)
  • Duke Ellington Classics (Black Lion, 1971)
  • Humph Dedicates (Vocalion, 2005)

Med andre

  • John Barry, The Cotton Club (Geffen, 1984)
  • Luiz Bonfa, Manhattan Strut (Paddle Wheel, 1997)
  • Ann Hampton Callaway, To Ella with Love (After 9, 1996)
  • Benny Carter, Over the Rainbow (Musicmasters, 1989)
  • Betty Carter, The Music Never Stops (Blue Engine, 2019)
  • Aaron Diehl, Space Time Continuum (Mack Avenue, 2015)
  • Victor Feldman, In London Vol. 2 Big Band (Tempo, 1957)
  • Wycliffe Gordon, Slidin' Home (Nagel Heyer, 1999)
  • Scott Hamilton & Warren Vaché Jr., Skyscrapers (Concord Jazz, 1980)
  • Michael Hashim, Multi-Coloured Blue (Hep, 1999)
  • Joe Henderson, Big Band (Verve, 1996)
  • Jon Hendricks, Freddie Freeloader (Denon, 1990)
  • Woody Herman, Woody Live East and West (Columbia, 1967)
  • Dick Hyman, From the Age of Swing (Reference, 1994)
  • The Thad Jones/Mel Lewis Orchestra, Central Park North (Solid State, 1969)
  • The Thad Jones/Mel Lewis Orchestra, The Groove Merchant (LaserLight 1999)
  • O'Donel Levy, Everything I Do Gonna Be Funky (Groove Merchant, 1974)
  • Gerry Mulligan, Walk on the Water (DRG, 1980)
  • Ted Nash, Presidential Suite: Eight Variations on Freedom (Motema, 2016)
  • Paula West, Come What May (Hi Horse, 2001)
  • Ernie Wilkins, Hard Mother Blues (Mainstream, 1970)
  • Ernie Wilkins, Screaming Mothers (Mainstream, 1974)
  • Anthony Wilson, Goat Hill Junket (Mama, 1998)
  • Glenn Zottola, Christmas in Jazztime (Dreamstreet, 1986)

Kjelder

endre