Johan Castberg-feltet

oljefelt i Barentshavet

Johan Castberg-feltet (omfattar petroleumsfunna Skrugard funne i boringa 7220/8-1 2011 og Havis funne i boringa 7220/7-1 i 2012) er eit oljefelt som ligg i blokkene 7220/8 og 7220/7 på norsk kontinentalsokkel i Norskehavet. Det er planlagt å bygge ut funna med ei flytande produksjonseining, FPSO.

Johan Castberg-feltet
Informasjon
Operatør Statoil
Produksjon Naturgass
Funnår 2011
Oppstart planlagt 2018
Geografi og geologi
Plassering Barentshavet, nordvest for Snøhvitfeltet
Koordinatar 72°28′N 20°20′E / 72.47°N 20.33°E / 72.47; 20.33
Oljereservar 400 – 600 mill. fat olje
Havdjupne 370 m
Reservoarbergart Sandstein frå juratida
Rettshavarar
Statoil 50 %

ENI 30 %
Petoro 20 %

1. april 2011 vart det kunngjort at ein på 1250 meter under havet hadde funne hydrokarbon. Det er påvist ei gasskolonne på 33 meter og ei oljekolonne på 90 meter.[1] og foreløpig beregning av størrelsen på funnet er 86 millioner standard kubikkmeter utvinnbar olje (~540 millioner fat), og 2-7 milliarder kubikkmeter utvinnbar gass.[2]

Leitelisensen vart tildelt i 20. konsesjonsrunde i april 2009 med Statoil som operatør for feltet. Johan Castberg-feltet er eigd 50% av Statoil, 30% av Eni og 20% av Petoro. Boreriggen Polar Pioneer frå Transocean, som er spesialbygd for arktiske størk, vart nytta under leiteboringa der havdjupna var 370 meter.

Johan Castberg-feltet ligg 110 km nordvest for Snøhvitfeltet, 200 km nord for Ingøya i Måsøy kommune og 210 km sør for Bjørnøya.

12. februar 2013 kunngjorde Statoil at olja frå Johan Castberg-feltet skal førast i land til Veidnes i Nordkapp kommune.[3]

Den 22. april 2013 kunngjorde Olje- og energidepartementet at funna Skrugard/Havis vart gjeve feltnamnet Johan Castberg, oppkalla etter politikaren Johan Castberg.

Kjelder endre


  1. «Betydelig oljefunn i Barentshavet». Statoil. 1. april 2011. Henta 2. april 2011. 
  2. «Gass- og oljefunn nord for Snøhvitfeltet i Barentshavet - 7220/8-1». Oljedirektoratet. 1. april 2011. Henta 2. april 2011. 
  3. Statoil: – Bekrefter ilandføring av Skrugard – NRK, 12. februar 2013