Johan Jørgen Broch
Johan Jørgen Broch (1. januar 1791–8. desember 1860) var ein norsk offiser og stortingsmann.
Johan Jørgen Broch | |||
| |||
Fødd | 1. januar 1791 Asker | ||
---|---|---|---|
Død | 8. desember 1860 (69 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar | ||
Barn | Ole Jacob Broch, Jens Peter Broch | ||
Alle verv |
|
Broch var fødd i Asker. Far hans var offiser, og han sjølv vart ti år gammal sett i lære på den militære skulen i Kristiania. Etter seks år, 1807, vart han uteksaminert og vart premierløytnant i 1. akershusiske regiment. Han deltok under felttoget i 1808-09. År 1812 vart han kaptein i nordenfjeldske regimnet. Deltok i felttoget i 1814, ved Blaker skanse.
Etter 1814 fekk Broch kommando over eit kompani i Fredrikstad. Han vart i 1818 overført til kristiansandske brigade, steig til major i 1835. To år etter, 1837, vart oberstløytnant og sjef for valderske korps 2. akershusiske brigade. I 1842 vart han sjø- og landkrigskommissær i vestre akershusiske distrikt. Han budde då i Larvik, og seinare i Tønsberg.
Han vart vald til stortingsrepresentant for Kristiansand i 1830, og for Larvik og Sandefjord i 1848. I 1830 var han visesekretær i Stortinget, og sekretær i både militærkomiteen, om brannvesenet i byane, og om løyvingar til kongen. I 1848 var han medlem av Lagtinget, formann i komiteen om vernepliktslova og atter var han sekretær i militærkomiteen.
Broch tok avskjed som krigskommisær i 1860. Han flytta då til Kristiania, men døydde før året var over.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Johan Jørgen Broch NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv