Johan Peter Trøite

norsk politikar

Johan Peter Nilsson Trøite (22. mars 188014. mars 1977) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Hegra i Nord-Trøndelag. Han representerte valkrinsen Nord-Trøndelag og partiet VenstreStortinget 1934-35 og 1937-45. Perioden 1938-41 og i 1945 var han ordførar i Hegra.

Johan Peter Trøite

Fødd22. mars 1880
Hegra
Død14. mars 1977 (96 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, bonde
Utdanna vedNoregs miljø- og biovitskaplege universitet
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1937–1945)
  • fylkesordførar i Nord-Trøndelag (1945–1945)
  • ordførar i Hegra (1938–1941)
  • ordførar i Hegra (1945–1945)
  • vararepresentant til Stortinget (1925–1927)
  • vararepresentant til Stortinget (1934–1936) Sjå dette på Wikidata

Trøite tok over slektsgarden i 1908 og dreiv garden til eldste sonen tok over i 1947. Gjennom desse tiåra utvikla han garden ved å dyrke nytt land og kjøp av skog.

Trøite var medlem av heradsstyret i Hegra frå 1917 til 1945, med unnatak for den NS-styrte perioden under andre verdskrigen. Han var ein periode varaordførar og ordførar 1938-41 og 1945. Fyrste gongen kom han inn i heradsstyret ved fleirtalsval, deretter på jordbrukarlister. Frå og med 1925 stilte han som Venstre-mann.

Perioden 1934-46 var Trøite vararepresentant til Stortinget for Venstre Etter at Torgeir P. Lund døde i mai 1934, møtte Trøite i Finans- og tollkomitéen fram til mars 1935. Frå 1937 var Trøite stortingsrepresentant med plass i Landbrukskomitéen. I 1941 vart Trøite avsett som ordførar av okkupasjonsstyret. Den 9. mai 1945 fekk han tilbake ordførarvervet, og sat i posisjonen ut året.

Trøite hadde ei rekke tillitsverv innom skogdrift og elektrisitetsproduksjon. Han var såleis styreformann og driftsstyrar 1913-24 ved Hegra elektrisitetsverk, styremedlem i Nord-Trøndelag Elektrisitetsverk og formann i Sør-Trøndelag Tømmermåling. Elles var han styreformann 1925-35 ved Inntrøndelag Husmorskole, styreformann i AS Bøndernes Hus i Trondheim og styremedlem 1920-40 i AS Follafoss Tresliperi.

Kjelder endre