Johan Storm Munch
Johan Storm Munch (31. august 1778–26. januar 1832) var ein norsk prest og biskop i Kristiansand frå 1823. Han var far til Andreas Munch og ein samnemnd son, medan presten Edvard Munch var bror hans.
Johan Storm Munch | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 31. august 1778 Vågå kommune |
Død |
26. januar 1832 (53 år) |
Yrke | lyrikar, prest, omsetjar, filolog |
Språk | norsk, dansk |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Johan Storm Munch på Commons |
Johan Storm Munch var presteson, fødd i Vågå. Han vart student i 1796 og cand.theol. i 1799. Sidan var han huslærar på Sjælland i Danmark i fem år, og der etter residerande kapellan i Skjeberg frå 1805. 1808-09 var han feltprest hos prins Kristian August og så lærar i Fredrikshald og frå 1811 i Christiania. I 1813 fekk han sokneprest-embetet i Sande i dagens Vestfold. Fire år seinare gjekk han over til å vere slottsprest på Akershus slott og samstundes sokneprest i Aker prestegjeld. Frå 1823 til han døydde var han biskop i Kristiansand stift.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914