Johan
mannsnamn
(Omdirigert frå Johann)
Johan eller Johann er mannsnamn danna som ei kortare form av Johannes. Det har namnedag den 29. august.
Johannes er ei latinsk form av det greske Ioannes (Ιωαννης) som kjem frå hebraisk Yochanan og betyr 'Gud er nådig'. John, Jan, Jens, Hans og Hannes er nokre av fleire andre variantar av namnet.
Bruk
endreJohan er eit vanleg namn i Sverige, Finland, Belgia og Noreg. På Island finst forma Jóhann, og på Færøyane både Jóhan og Johan. I Tyskland er Johann utbreidd.
Namnet var særs ubtreidd ved slutten av 1800-talet. Rundt 1880 fekk over 4,5 % av nyfødde gutar namnet Johan. Fram til 1950-talet var bruken minkande, og har sidan halde seg på eit lågare nivå.
I 2009 var det 9 998 norske menn som heitte Johan og 305 som heitte Johann.
Namneberarar
endre- Johann Gutenberg (1398-1468), oppfinnaren av trykkjekunsten
- Johann Pachelbel (1653-1706), tysk komponist
- Johann Sebastian Bach (1685-1750), tysk komponist
- Johann Gottlieb Naumann (1741-1801), tysk komponist
- Johan Herman Wessel (1742-1785), norsk forfattar
- Johan Nordahl Brun (1745-1816), norsk prest og diktar
- Johann Wolfgang von Goethe (1749-1842), tysk forfattar
- Johan Christian Clausen Dahl (1788-1857), norsk kunstmålar
- Johann Strauss d.e. (1804-1859), austerriksk komponist
- Johann Strauss d.y. (1825-1899), austerriksk komponist
- Johan Sebastian Welhaven, (1807-1873), norsk forfattar
- Johan Sverdrup (1816-1892), norsk politikar
- Johan Svendsen (1840-1911), norsk komponist og dirigent
- Johan Halvorsen (1864-1935), norsk komponist og dirigent
- Johan Sigmundstad (1874-1909), norsk forfattar
- Johan Nygaardsvold (1879-1952), norsk politikar og statsminister
- Johan Falkberget (1879-1967), norsk forfattar
- Johan Grøttumsbråten (1899-1983), norsk langrennsløpar
- Johan Støa (1900-1991), norsk idrettsmann
- Johan Borgen (1902-1979), norsk forfattar
- Johan Haanes (1912-2000), norsk idrettsmann
- Johan Galtung (f. 1930), norsk professor
- Johan J. Jakobsen (f. 1937), norsk politikar (Sp)
- Johann Olav Koss (f. 1968), norsk skeiseløpar
- Johan Golden (f. 1974), norsk komikar
- Johan Thorbjørnsen (f. 1983), norsk fotballmålvakt
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Johan» frå Wikipedia på bokmål, den 28. august 2009.
- Søk etter norsk namnestatistikk for Johan hjå Statistisk Sentralbyrå