Johannes Aavik (8. desember 188018. mars 1973) var ein estisk språkforskar og forfattar.

Johannes Aavik

Fødd8. desember 1880
Randvere, Laimjala Parish
Død18. mars 1973
Stockholm
NasjonalitetEstland
Yrkefilolog, omsetjar, lingvist, lyrikar, universitetslærar, fiolinist, skribent
InstitusjonarStockholms universitet
Alma materUniversitetet i Tartu

Biografi endre

Barndom og utdanning endre

Johannes Aavik vart fødd i Randvere i Kõiguste i Pöide på øya Saaremaa som son av kommuneskrivar Mihkel Aavik (1844-1909) og av Ann Aavik (1849-1918). Han voks opp i hovudstaden på øya, Kuressaare. Frå 1898 til 1902 gjekk han på gymnaset for gutar på Kuressaare. Etter artium studerte han språk og språkvitskap ved Universitetet i Tartu (1902/03), på historisk-filologisk institutt i Nizjyn (1903-1905) og ved Universitetet i Helsingfors (1906-1910).

Språklærar endre

Frå 1919 til 1926 arbeidde Aavik som språklærar ved gymnaset ved Kuressaare; deretter i Tartu (1919-1922) og Jalta (1910/11). Han publiserte jamleg i Tartu-avisa Postimees i åra 1912-1914. Frå 1926 til 1934 var Aavik lektor for estisk ved Universitetet i Tartu og lærar ved eit gymnas i Tartu. Frå 1933 til 1940 var han privatdosent ved Universitetet i Tartu. Frå 1934 var han også språkreferent (overinspektør for skolane) i det estiske utdannings- og sosialdepartementet. I 1940/41 arbeidde han i eit forlag i Tallinn. I Tallinn budde Aavik i bydelen Nõmme.

Eksil endre

Etter den sovjetiske okkupasjonen av Estland flykta Aavik til Sverige (1944). I Stockholm arbeidde han som arkivar. Frå 1945 til 1952 var han dosent i estisk ved Stockholms universitet. I tillegg arbeidde han som omsetjar og gav ut språkvitskaplege artiklar. Aavik døydde i eksilet i Stockholm.

Språkvitskapsmann endre

 
Aavik-Museum i Kuressaare

Johannes Aavik høyrer til dei viktigaste grunnleggjarane av estisk språk. Sentralt for Aavik var fornying av ordforrådet, morfologien og syntaksen. Han presenterte det språkpolitiske programmet sitt i 1912 i pamfletten Tuleviku Eesti-keel («Det estiske språket i framtida»). Aavik innførte mange omsetjingslån frå finsk, og programmet hans kan karakteriserast som ei dreiing bort frå den tyske påverknaden estisk var prega av, og i meir finsk-ugrisk lei.

Forfattar og omsetjar endre

Aavik var også aktiv i den litterære rørsla Noor-Eesti (Det unge Estland). Han var ein nær ven av dei estiske forfattarane Friedebert Tuglas og Gustav Suits.

Johannes Aavik var kjend som omsetjar av verk frå finsk, fransk, engelsk og russisk (m.a. sette han om verk av Aino Kallas, Juhani Aho, Guy de Maupassant, Paul Bourget, Edgar Allan Poe og Ivan Turgenjev).

Viktigaste publikasjonar endre

  • Eesti kirjakeele täiendamise abinõudest (1905)
  • Ruth (Erzählung unter dem Pseudonym J. Randvere, 1909)
  • Keele kaunima kõlavuse poole I: Eesti Kirjandus 1912, S. 451-484
  • Eesti rahvusliku suurteose keel (1914)
  • Eesti kirjakeelse stiili arenemise järgud I: Noor-Eesti V, Tartu 1915, S. 216-229
  • Eesti luule viletsused (1915)
  • Keel ja kirjandus In: Sõna, Tartu 1918, S. 72-78.
  • Uute sõnade sõnastik (Neologistisches Wörterbuch, 1919)
  • Uute ja vähem tuntud sõnade sõnastik (Wörterbuch, 1921)
  • Puudused uuemas eesti luules (Poetologie, 1922)
  • Keeleuuenduse äärmised võimalused (1924)
  • Kuidas suhtuda "Kalevipojale" (1933)
  • Eesti õigekeelsuse õpik ja grammatika (Orthografi og grammatikk, 1936)

Bakgrunnsstoff endre