Opna hovudmenyen

BiografiEndra

Frå 1924 arbeidde han ved Cavendish Laboratory i Cambridge, som då var leia av Ernest Rutherford. Frå 1939 til 1946 var han professor i naturfilosofi på same stad. Han arbeidde først med å skape sterke magnetfelt og låge temperaturar. I 1928 byrja han i samarbeid med Ernest Walton å arbeide med akselerasjon av proton ved hjelp av høge spenningar. For å få til dette bygde dei ein høgspenningsgenerator, Cockcroft-Walton-generator, og påviste i 1932 dei første kjernereaksjonane skapt med kunstig akselererte partiklar, eit arbeid som dei i 1951 fekk Nobelprisen i fysikk for.

Cockcroft leia òg bygginga av den første syklotronen i Storbritannia, som stod ferdig i 1939. Frå 1938 vart han saman med Henry Tizard engasjert i utviklinga av radaren. Under andre verdskrigen var han rådgjevar for regjeringa og leia fleire forskingstiltak. I 1944 leia han det anglo-kanadiske atomenergiprosjektet som hadde sete i Montreal og fekk med det ansvaret for bygginga av nokre av dei første reaktorane i verda. I 1946 vart han direktør for Atomic Energy Research Establishment i Harwell, og i 1959 vart han valt til Master for det nye Churchill College i Cambridge.

Cockcroft var ein av dei fremste ekspertane i verda på kjernefysisk energi og ein av dei ivrigaste talsmennene for å utnytte dette til fredelege føremål.

Prisar (utval)Endra

KjelderEndra

  1. «Nobelprisen i fysikk 1951» (engelsk). Nobelprize.org. Henta 22. februar 2012.