Ernest Walton

irsk fysikar

Ernest Thomas Sinton Walton (6. oktober 190325. juni 1995) var ein irsk fysikar.

Ernest Thomas Sinton Walton
Ernest Walton.jpg
Ernest Thomas Sinton Walton
Fødd6. oktober 1903
Dungarvan i Irland
Død25. juni 1995 (91 år)
Belfast i Nord-Irland
NasjonalitetIrsk
OmrådeFysikkfysikk
YrkeFysikar
InstitusjonarTrinity College Dublin
University of Cambridge
Methodist College Belfast
Alma materTrinity College i Cambridge
Cookstown High School
DoktorgradsrettleiarErnest Rutherford
Kjend forDen første oppløysinga av ein atomkjerne med kunstig akselererte proton (splitta atom)
UtmerkingarHughesmedaljen (1938)
Nobelprisen i fysikk (1951)

Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1951 saman med John Cockcroft for arbeidet med endringa av atomkjernen gjennom kunstig akselererte atom (òg kalla atomspalting).

Frå 1927 til 1934 var han stipendiat ved Cavendish Laboratory i Cambridge, som då vart leia av Lord Rutherford. Frå 1934 var han tilknytt Trinity College i Dublin. Han var professor der frå 1946 til 1974. I Cambridge arbeidde Walton med utvikling av partikkelakseleratorar, og konstruerte saman med John Cockcroft eit høgspenningsanlegg, den såkalla Cockcroft-Walton-generatoren. Ved å akselerere proton med denne til ein energi på 500 (seinare 700) keV, og sende protona mot eit litiumtarget, fann dei i 1932 at det vart frigjort a-partiklar. Reaksjonen som føregjekk var den første kjende kjernereaksjonen indusert ved kunstig akselererte partiklar, og oppdaginga blir rekna som innleiinga til moderne eksperimentell kjernefysikk. Walton fekk saman med Cockcroft i 1951 Nobelprisen i fysikk for arbeidet sitt på dette området.

Prisar (utval)Endra

KjelderEndra