Opna hovudmenyen

John G. Bernander

norsk advokat og politikar

John Gordon Bernander (fødd 22. september 1957 i New York i USA) er ein norsk tidlegare Høgre-politikar, næringslivsleiar, og kringkastingssjef i NRK.

John G. Bernander
John G Bernander 01.JPG
Fødd22. september 1957
New York by
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, advokat
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
Sjøkrigsskulen

Bakgrunn og yrkeskarrièreEndra

John G. Bernander blei fødd i New York som son av motelleigarane Harry Bernander (f. 1927) og Ingrid S. Kjevik (f. 1931), og voks opp i Brooklyn og Kristiansand. Han er kalla opp etter teikneseriehelten «Lyn Gordon»,[1] og hadde amerikansk statsborgarskap frem til tenåra.[2] Etter eksamen ved Kristiansand Handelsgymnasium i 1976 tok han Sjøkrigsskolen i Bergen 1976–1977. Han har juridisk embedseksamen frå Universitetet i Oslo frå 1982 med engelsk-amerikansk avtalerett som spesialfelt.[2] Han var advokatfullmektig hos Olav Bryge i Kristiansand 1982–1985,[2] førstekonsulent ved Garanti-instituttet for eksportkreditt i 1985 og konsernadvokat i Sørlandsbanken AS 1986–1988 og Johan G. Olsen Industrier AS 1988–1989.

Etter tida på Stortinget var han viseadministrerande direktør 1993–1995 og administrerande direktør 1995–2001 i sjøforsikringsselskapet Assuranceforeningen Gard i Arendal. Bernander var kringkastingssjef i NRK 2001–2007. Den 9. oktober 2006 gav han beskjed til styret i NRK om at han ikkje ville søka om en ny åremålsperiode som kringkastingssjef. 19. mars 2007 blei han dermed den første som hadde trekt seg etter seks år i denne stillinga.[3] Etter dette var han sjølvstendig næringsdrivande med eiendomsselskapet Tophdal AS og tilknytt Mosvold Shipping Group AS i to år, før han blei administrerande direktør i NHO hausten 2009. Bernander varsla at han kom til å gå av frå stillinga tre år seinare. Frå 2012 dreiv han Viking Heat Engines AS.[4] Frå 21. januar 2015 var han styreleiar i Talent Norge.

John G. Bernander er frimurar i St. Johanneslogen Orion til de to Floder med graden VII.[5]

KjelderEndra

  1. Eikeland, Ole (28. april 2012). «- Jeg er godt betalt for å være bekymret». NA24.no. Henta 20. desember 2012. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Oftedal, Hallgeir (2. november 1988). «Gøy å drive Høyre-politikk!». Dagens Næringsliv: 20. 
  3. Henriksen, Arve (19. mars 2007). «– Takk for meg». Aftenposten. Henta 20. desember 2012. 
  4. Aakvik, Jo Andre (20. juni 2012). «Bernander går av». E24.no. Henta 20. desember 2012. 
  5. «Frimurer John Gordon Bernander». TV 2 Nyhetene. 2008. Henta 20. desember 2012.