John Leonhard Olaus Hagen (fødd 5. november 1849) var ein telegrafist og stortingsmann, fødd i Melhus. Han representerte Venstre.

Hagen var son til ein bakarmeister, som seinare slo seg ned på Veblungsnes i Romsdal. Sjølv gjekk han Tromsø seminar, der han tok eksamen i 1869. Året etter tok han telegrafisteksamen i Stavanger. Dei neste fem åra var han telegrafist på Målsnes. Etter eit år i Tromsø vart han telegrafstyrar i Skjervøy 1876, sidan i Lødingen frå 1894 og til sist i Tromsø frå 1903.

Hagen var ordførar i Skjervøy 1881-92 og forlikskommissær 1884-94. I Lødingen var han varaordførar, forlikskommissær og sparebankdirektør. Han redigerte åra 1889-91 ei hektografert avis, Skjervø Tidende, 1902-03 den maskinskrivne avisa Lødingen Tidende.

Frå 1884 til -94 var Hagen formann i amtsvenstreforeininga. Han var 2. representant frå Tromsø amtStortinget perioden 1892-94, der han var medlem av jarnbanekomiteen.

Kjelde endre

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914