John Hartman

amerikansk musikar

John Thomas Hartman (fødd 18. mars 1950) er ein amerikansk trommeslagar og originalt medlem i The Doobie Brothers.[1] Då bandet vart starta var Hartman den einaste trommeslagaren i bandet, men frå 1971 henta gruppa inn ein trommeslagar til, Michael Hossack, og sidan den gongen har dei alltid hatt to trommeslagarar.

John Hartman
Fødd18. mars 1950 (71 år)
FødestadFalls Church i Virginia i USA
FødenamnJohn Thomas Hartman
OpphavUSA
SjangerRock
InstrumentTrommer, perkusjon
Tilknytte artistarThe Doobie Brothers
Verka somMusikar

Hartman spelte på alle dei store hittane til The Doobie Brothers i 1970-åra med både Tom Johnston og Michael McDonald. Han slutta tidleg i 1979 for å fokusere på arabarhestane sine på ranchen sin i California.

Hartman vart lokka med tolv andre tidlegare Doobies-medlemmar for ein kort, veldedig turné i 1987. Hartman vart så med i ei sameina utgåve av bandet året etter. Han spelte på albuma Cycles (1989) og Brotherhood (1991) og dei tilhøyrande turenane. Etter ein konsert til støtte for den alvorleg kreftsjuke perkusjonisten deira Bobby LaKind, slutta Hartman i bandet.

DiskografiEndra

AlbumEndra

KjelderEndra

  1. Erlewine, Stephen Thomas. «Biography: The Doobie Brothers». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 1. november 2020.