Toulouse Street
Toulouse Street Studioalbum av The Doobie Brothers | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1. juli 1972 | |
Innspelt | 1972 | |
Studio | Warner Bros. Studios i Nord-Hollywood og Wally Heider Studios i San Francisco | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 35:33 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Produsent | Ted Templeman | |
The Doobie Brothers-kronologi | ||
---|---|---|
The Doobie Brothers (1971) |
Toulouse Street | The Captain and Me (1973)
|
Singlar frå Toulouse Street | ||
|
Toulouse Street er det andre studioalbumet til den amerikanske rockegruppa The Doobie Brothers, utgjeve 1. juli 1972 på Warner Bros. Records.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Christgau's Record Guide | C[2] |
Encyclopedia of Popular Music | [3] |
The Great Rock Diskografi | 6/10[4] |
MusicHound Rock | 3.5/5[5] |
Rolling Stone | (positiv)[6] |
The Rolling Stone Album Guide | [7] |
Det var det første albumet deira med den nye bassisten Tiran Porter og den andre trommeslagaren Michael Hossack, som vart henta inn for å utfylle trommeslagaren John Hartman, slik at dei no hadde to trommeslagarar samstundes.
Toulouse Street er namnet på ei gate i French Quarter i New Orleans. Bileta på plateomslaget og innsida av omslaget er tekne frå eit tidlegare bordell på Toulouse Street.
Albumet inneheld hittane «Listen to the Music» og «Jesus Is Just Alright», og vart gjennombrotet deira då det kom ut i juli 1972. I samarbeid med manageren Bruce Cohn, produsenten Ted Templeman og lydteknikaren Donn Landee, gav bandet ut eit meir polert og eklektisk album. Pianisten Bill Payne frå Little Feat spelte klaverinstrument med bandet for første gongen og starta eit samarbeid som kom til å vare mange tiår. Han var òg ei kort stund, to veker, på turné i lag med bandet tidleg i 1974.[8]
Allmusic skreiv om albumet: «Toulouse Street har faktisk ein ganske lik stil fleire stader som det Eagles gjorde på same tid, utanom at The Doobies kasta litt jazz og R&B inn i miksen, i tillegg til country, folk og bluegrass. Dei to singlane «Listen to the Music» og «Jesus Is Just Alright» representerte berre toppen av isfjellet i forhold til kva gruppa hadde å tilby. Johnston sin «Rockin' Down the Highway» syner eit band som arbeider på eit høgare gir og flyttar seg inn i Creedence Clearwater Revival-territoriet, medan «Mamaloi» var Patrick Simmons sin tilbakelente karibiske idyll, medan tittelsporet (òg av Simmons) er ein stemningsskapande, vakker ballade. Bandet går over til swamprock for «Cotton Mouth» og tek ein venstresving inn i Mississippideltaet for ein versjon av Sonny Boy Williamson II sin «Don't Start Me Talkin'», før dei går over i gospelmodus med «Jesus Is Just Alright». Den nesten sju minuttar lange Johnston-songen «Disciple» var den typen høgtflygande, bluesaktige hardrocksong som førte til at gruppa vart samanlikna med The Allman Brothers Band.»[1]
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Vokal | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Listen to the Music» | Tom Johnston | Tom Johnston, Pat Simmons | 4:44 |
2. | «Rockin' Down the Highway» | Johnston | Johnston | 3:18 |
3. | «Mamaloi» | Patrick Simmons | Johnston | 2:28 |
4. | «Toulouse Street» | Simmons | Simmons | 3:20 |
5. | «Cotton Mouth» | James Seals, Darrell Crofts | Johnston | 3:44 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Vokal | Lengd |
---|---|---|---|---|
6. | «Don't Start Me to Talkin'» | Sonny Boy Williamson | Johnston | 2:41 |
7. | «Jesus Is Just Alright» | Arthur Reid Reynolds | Simmons | 4:33 |
8. | «White Sun» | Johnston | Johnston | 2:28 |
9. | «Disciple» | Johnston | Johnston | 6:42 |
10. | «Snake Man» | Johnston | Johnston | 1:35 |
Medverkande
endreThe Doobie Brothers:
- Tom Johnston – solo- og korvokal, akustisk og elektrisk gitar
- Patrick Simmons – solo- og korvokal, akustisk og elektrisk gitar, banjo på «Listen to the Music»[9]
- Tiran Porter – korvokal, bass
- John (Little John) Hartman – trommer, perkusjon
- Michael Hossack – trommer
Andre medverkande:
- Bill Payne – piano på «Rockin' Down the Highway» og «Don't Start Me to Talkin'», orgel på «Cotton Mouth» og «Jesus Is Just Alright»
- Dave Shogren – bass and akustisk gitar på «Toulouse Street», korvokal på «White Sun»
- Jerry Jumonville – tenorsaksofon på «Cotton Mouth» og «Don't Start Me to Talkin'»
- Jon Robert Smith – tenorsaksofon på «Cotton Mouth» og «Don't Start Me to Talkin'»
- Joe Lane Davis – barytonsaksofon på «Cotton Mouth» og «Don't Start Me to Talkin'»
- Sherman Marshall Cyr – trompet på «Cotton Mouth» og «Don't Start Me to Talkin'»
- Ted Templeman – ekstra perkusjon
- ikkje oppført – fløyte på «Toulouse Street»
Produksjon
endre- Produsent: Ted Templeman
- Ekstra produsentar på spor 4, 8 & 10: Stephen Barncard og Marty Cohn
- Lydteknikar: Stephen Barncard, Marty Cohn, Donn Landee
- Produksjonskoordinasjon: Benita Brazier
- Design: Barbara Casado, John Casado
- Ommastering: Lee Herschberg
- Fotografi: Jill Maggid, Michael Maggid
- Kunstnarisk leiar: Ed Thrasher
- Blåsararrangement på spor 5 & 6 : Jerry Jumonville
Salslister
endreAlbum
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1972 | Pop Albums | 21 |
Singlar
År | Singel | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1972 | «Listen to the Music» | Pop Singles | 11 |
1973 | «Jesus Is Just Alright» | Pop Singles | 35 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Toulouse Street» frå Wikipedia på engelsk, den 1. november 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Bruce Eder. «Toulouse Street - The Doobie Brothers». AllMusic. Henta 1. november 2020.
- ↑ Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: D». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 1. november 2020 – via robertchristgau.com.
- ↑ Larkin, Colin (2007). Encyclopedia of Popular Music (5th utg.). Omnibus Press. ISBN 978-0857125958.
- ↑ Strong, Martin Charles (2002). «The Doobie Brothers». The Great Rock Diskografi. The National Academies. ISBN 1-84195-312-1.
- ↑ «The Doobie Brothers - Toulouse Street». Henta 28. november 2019.
- ↑ Steve Ditlea (12. oktober 1972). «The Doobie Brothers: Toulouse Street». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 2. oktober 2007. Henta 1. november 2020.
- ↑ Brackett, Nathan; Hoard, Christian, red. (2004). The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 253. ISBN 0-7432-0169-8.
- ↑ Jackson, Blair. «Little Feat Article - Feb 2001» Arkivert 2014-01-01 ved Wayback Machine. – MixOnline.com.
- ↑ Mastropolo, Frank (29. november 2012). «Doobie Brothers' Tom Johnston Reflects on 'Listen to the Music' at 40». Ultimate Classic Rock. Henta 1. november 2020.