John Trivers
John Trivers (fødd 1946) er ein amerikansk låtskrivar og musikar. Han har arbeidd mykje med Blue Öyster Cult og Tina Turner, og var medlåtskrivar i lag med kona og partnaren Elizabeth Myers på fleire populære reklamejinglar, fjernsynsprogram og filmmusikk.[1]
John Trivers | |||
John Trivers, 2012 | |||
Fødd | 1946 (78 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Buffalo i New York i USA | ||
Opphav | USA | ||
Verka som | Låtskrivar og musikar | ||
Gift med | Liz Myers |
Biografi
endreTrivers starta musikkarrieren i bandet Lost and Found, fronta av Eric Bloom, som han seinare samarbeidde med i Blue Öyster Cult.[2][3]
Frå 1972 til 1979 spelte han i Broadway-musikalar som Grease, der han i 1976 møtte den framtidige kona og partnaren sin Elizabeth (Liz) Myers. I 1980 byrja han å studere postproduksjon i film og fjernsyn ved UCLA. Tidleg i 1980-åra var han òg medlem av Vancouver-bandet Prism, og han har spelt med Janis Ian, Mary Travers, Peter Allen og Tina Turner.
Trivers og kona flytta til Los Angeles og byrja eit selskap som laga musikk til reklamar, Trivers-Myers Music. I lag skreiv dei kjende tema som vart nytta på CBS Evening News,[4] og den prisvinnande reklamekampanjen for Apple Computer Macintosh, regissert av Ridley Scott og Adrien Lyne.
Diskografi
endre- Private Dancer (på bass) - Tina Turner, 1982
- «Rock'n Roll Widow», «When I Was Young"
- USA for Africa (på bass) - We Are the World
- «Total Control» med Tina Turner
- «Dark Angel» (på bass) , 1972, med Donald Roeser (Buck Dharma), Albert Bouchard og Les Braunstein frå Soft White Underbelly [1]
Med Blue Öyster Cult
endre- Mirrors, 1979
- The Great Sun Jester (med Michael Moorcock og Eric Bloom)
- Cultosaurus Erectus, 1980
- Black Blade (med Michael Moorcock og Eric Bloom)
- Fire of Unknown Origin, 1981
- Sole Survivor (med Eric Bloom og L. Myers)
- After Dark (med Eric Bloom og L. Myers)
- Curse of the Hidden Mirror, 2001
- Showtime (med Eric Bloom)
Med Elizabeth Myers
endre- Filmen Birch Street Gym i 1993
- Kjenningsmelodien til «CBS Evening News with Dan Rather» (med Alan Pasqua)
- 1998, filmen Norma Jean, Jack & Me
- 2000, filmen Broke Even
- 2001, filmen The Day Reagan Was Shot
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «John Trivers» frå Wikipedia på engelsk, den 22. april 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Queenan, Joe (October 25, 1993). «Classical gas». Forbes.
- ↑ Adelson, Andrea (August 27, 1998). «Companies are increasingly seeking to identify their products with music, both old and new». New York Times. Henta 22. april 2016.
- ↑ «Eric Bloom biography». Hobart College alumni website. Arkivert frå originalen 27. september 2011. Henta 22. april 2016.
- ↑ Leiser, Ernest (January 6, 1988). «Composers change the sound of the news». San Francisco Chronicle.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad Arkivert 2016-05-20 ved Wayback Machine.