Joost Klein

nederlandsk musikar og youtubar

Joost Klein (fødd 10. november 1997 i Leeuwarden), kjend mononymt som Joost, er ein nederlandsk rappar, låtskrivar og tidlegare youtubar. Han er kjend i Nederland for låtar som «Scandinavian Boy», «Wachtmuziek» og «Friesenjung», i tillegg til albuma M van Marketing, Albino og 1983. Han er hovudsakleg hiphopartist, men brukar også ei rekkje andre sjangrar i musikken, som elektronisk musikk, hardstyle, pop og poppunk. Joost er kjend for sine livlege framsyningar og turnerer regelmessig på konsertarenaar og musikkfestivalar med bandet sitt.[1] Han representerte Nederland i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö i Sverige, men blei diskvalifisert på finaledagen etter ei hending med ei kamerakvinne frå produksjonen.

Joost Klein

Fødd10. november 1997 (27 år)
FødestadLeeuwarden
OpphavKongeriket Nederlanda
Aktiv2016–
Sjangernederlandsk hiphopmusikk, komedie-hip-hop, happy hardcore, gabberpop
Instrumentvokal
PlateselskapAlbino Sports, TopNotch
Verka sommusikkprodusent, youtubar, skribent, musikkvideoregissør, songar-låtskrivar, rappar, videoklipper

Liv og virke

endre

Bakgrunn

endre

Joost Klein blei fødd den 10. november 1997 i Leeuwarden i Nederland. Han vaks opp i den frisiske tettstaden Britsum. Han gjekk ved Stedelijk Gymnasium, men droppa etter kvart ut.[2] Då han var 12 år gammal mista han faren til kreft.[3] Eit år seinare, i 2011, døydde mora hans av hjarteattakk.[3] Etter at han mista forelda blei Klein tatt vare av bror og syster si.[4]

Karriere

endre

I 2008 starta han opp YouTube-kanalen under namnet EenhoornJoost, og heldt denne aktiv fram til 2016. Der publiserte han alt frå musikkvideoar, sketsjar og minidokumentarar.[2]

Han gav ut sin fyrste singel, «Bitches», og blei signert på plateselskapet TopNotch i 2017 og 2018. Han oppretta deretter sitt eige plateselskap, Albino Records, og hausten 2017 gav han ut mikstapen «Scandinavian Boy», og våren 2018 kom singlane «Meeuw» og «Ome Robert».[5] Same haust gav han ut albumet M van Marketing saman med rapparen Donnie.

Klein gav hausten 2018 ut diktboka Albino, etter oppfordring frå hans far.[6] Sidan følgde albumet Albino, som han lanserte gjennom ein turné vinteren 2019 i tillegg til fleire musikkfestivalar same sommar. Tredjealbumet 1983 kom i november 2019 og er kalla opp etter fødeåret til storebroren.[7][8] I april 2020 kom albumet Joost Klein 7, som inneheld sju songar i samarbeid med den kanadiske rapparen bbno$. Hans åttånde album kom september 2022 og heiter Fryslân, det frisiske namnet på heimprovinsen til Klein, Friesland.

I 2023 fekk Klein sin fyrste hit i Tyskland med singelen «Friesenjung» saman med den tyske rapperen Ski Aggu. Songen nådde fyrsteplass på den tyske singellista.[9] I desember same år kunngjorde den nederlandske kringkastaren AVROTROS at Klein skulle representere Nederland i Eurovision Song Contest 2024.[1]

 
Joost Klein på scena under ei av prøvene i Eurovision Song Contest 2024.

I Eurovision Song Contest deltok Klein i den andre semifinalen torsdag 9. mai, og tok seg vidare til finalen.[10] På pressekonferansen etter semifinalen markerte Klein seg med å fleire gongar markere sin motstand mot Israel si deltaking i tevlinga.[11] I etterkant av dette blei det klart at han ikkje ville få delta på kostymeprøvane før finalen, og heller ikkje på juryprøven, etter å ha blitt skulda for vald mot ein fotograf.[11][12] EBU uttala i ei pressemelding at den «for tida undersøkjar ei hending rapportert til EBU som involverer den nederlandske artisten», i tillegg til at «han ikke kjem til å øve inntil vidare».[13] Juryen måtte difor dømme framsyninga til Klein basert på eit opptak frå semifinalen, som blei vist på storskjerm i arenaen.[14] På ettermiddagen den 11. mai, same dag som finalen, blei det klart at Klein hadde blitt diskvalifisert frå tevlinga.[15] I følgje AVROTROS blei Klein filma av ein kvinneleg kameraoperatør mot sin vilje rett etter semifinaleframsyninga hans.[16] Kameraoperatøren hevda at Klein hadde reagert på filminga ved å gjere ei «trugande rørsle» mot ho medan ho heldt kameraet.[17] Detaljane rundt krangelen var uklare, men det svenske politiet sa at dei ville undersøkje om det blei framsett kriminelle trugslar, ikkje om eit overfall hadde skjedd.[18] Klein nekta for einkvar misferd gjennom sin advokat.[19] EBU presiserte i ei fråsegn at vedtalet om å diskvalifisere Klein «ikkje involverte nokon annan artist eller delegasjonsmedlem».[20] AVROTROS uttala seinare at diskvalifikasjonen var «veldig tung og uhøvesvis».[21] Den 12. august 2024 kunngjorde den svenske påtalemakta at saka mot Klein var lagt bort fordi det ikkje kunne bevisast at handlinga «har vore eigna til å framkalle alvorleg frykt eller at mannen har hatt noko slikt føremål».[22][23][24]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «JoostKlein to represent the Netherlands at Eurovision 2024». eurovision.tv (på engelsk). Den europeiske kringkastingsunion. 11. desember 2023. Henta 26. desember 2023. 
  2. 2,0 2,1 Haro Kraak (19. september 2019). «JoostKlein begon op YouTube, schreef een dichtbundel en stond als rapper in Carré en op Lowlands: ‘Het was opeens een ding’». De Volkskrant. Henta 26. desember 2023. 
  3. 3,0 3,1 Lê Van, Elmo (24. november 2023). «Zijn naam is klein, zijn droom is groot: Joost Klein voor beginners». De Morgen (på nederlandsk). Arkivert frå originalen 25. november 2023. 
  4. Roobol, Birgit (11. desember 2023). «Het verdrietige verhaal achter de vrolijke nummers van Songfestivalkandidaat Joost Klein». Libelle (på nederlandsk). Arkivert frå originalen 6. januar 2024. Henta 6. januar 2024. 
  5. «Miljardviews op Top Notch Youtube kanaal». Emerce (på nederlandsk). Henta 26. desember 2023. 
  6. Visser, Jelmer (13. november 2018). «Albino: 'Een roetsjbaanrit door een fucked up brein'». Metronieuws.nl (på nederlandsk). Henta 26. desember 2023. 
  7. «JoostKlein brengt versie uit van 'Ik Wil Je' van De Kreuners». HLN. 7. august 2020. Henta 26. desember 2023. 
  8. «Joost- 1983 (★★★½): Geld en verdriet, met nonsens en een dikke beat». Dansende Beren (på nederlandsk). 15. november 2019. Henta 26. desember 2023. 
  9. «Ski Aggu, Joost og Otto Waalkes – «Friesenjung»». www.offiziellecharts.de. Offizielle Deutsche Charts. Henta 26. desember 2023. 
  10. «Eurovision2024 Semi-final 2 Results». Eurovisionworld (på engelsk). Henta 10. mai 2024. 
  11. 11,0 11,1 Waaler, Ingrid Emilie (10. mai 2024). «Nederlandkom ikkje til øving i Eurovision». NRK. Henta 10. mai 2024. 
  12. Horsinek, Kjersti Lien, Philip Haglund, Martin Habbestad, Anders Lohne Fosse, Jesper (10. mai 2024). «Nederlandsdeltaker får ikke opptre i den viktige juryprøven – anklages for vold». Nettavisen (på norsk). Henta 10. mai 2024. 
  13. Farren, Neil (10. mai 2024). «Netherlands: Joost Klein "Not Rehearsing Until Further Notice"». Eurovoix (på engelsk). Henta 10. mai 2024. 
  14. Savage, Mark; Youngs, Ian. «Eurovision: Confusion over fate of Dutch star Joost Klein». www.bbc.com (på engelsk). Henta 10. mai 2024. 
  15. «JoostKlein from the Netherlands disqualified from Eurovision 2024». Eurovisionworld (på engelsk). 11. mai 2024. Henta 11. mai 2024. «Swedish police have investigated a complaint made by a female member of the production crew after an incident following his performance in Thursday night’s Semi Final. While the legal process takes its course, it would not be appropriate for him to continue in the Contest.» 
  16. Savage, Mark (11. mai 2024). «Joost Klein: Dutch contestant disqualified from Eurovision Song Contest». BBC News. Arkivert frå originalen 13. mai 2024. Henta 13. mai 2024. 
  17. Wells, Matt (11. mai 2024). «Eurovision disqualifies Dutch act Joost Klein from song contest final». CNN (på engelsk). Arkivert frå originalen 13. mai 2024. Henta 12. mai 2024. 
  18. «Eurovision camerawoman's story differs from disqualified Joost Klein's version». NL Times (på engelsk). Arkivert frå originalen 12. mai 2024. Henta 12. mai 2024. 
  19. Leeuwen, Marlies van (17. mai 2024). «Advocaat: Joost Klein ontkent elk strafbaar feit en voelt zich verdrietig». Algemeen Dagblad. Arkivert frå originalen 19. mai 2024. Henta 19. mai 2024. 
  20. «Statement on Dutch participation in the Eurovision Song Contest». Eurovision.tv. European Broadcasting Union. 10. mai 2024. Arkivert frå originalen 14. mai 2024. Henta 11. mai 2024. 
  21. «Statement AVROTROS over diskwalificatie Joost Klein». AVROTROS (på nederlandsk). Arkivert frå originalen 14. mai 2024. Henta 12. mai 2024. 
  22. «Investigation concerning illegal threats in Malmö has been closed». Swedish Prosecution Authority (på engelsk). 12. august 2024. Henta 12. august 2024. 
  23. Elgaaen, Vilde (13. august 2024). «Svensk politi henlegger sak mot Eurovision-deltager Joost Klein». Verdens Gang. VG.no. Henta 17. desember 2024. 
  24. Elgaaen, Vilde (4. september 2024). «Klager ikke på Joost Klein-henleggelse: Vil gå videre med livet». Verdens Gang. VG.no. Henta 17. desember 2024.