Jortedyr

undergruppe av klauvdyr
(Omdirigert frå Jortar)

Jortedyr eller drøvtyggarar (Ruminantia) er ei gruppe partåa hovdyr, kjenneteikna ved at dei tygg maten to gonger – dei jortar (ørtar) maten. Jortedyr har lang mellomfot og som oftast fire tær, dei to i midten med klauver. I overmunnen manglar framtennene. Merk at jortedyr er ei vidare dyregryppe enn hjortedyr.

Jortedyr
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Infraklasse: Placentale pattedyr Placentalia
Overorden: Paraxonia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Underorden: Jortedyr Ruminantia
Scopoli, 1777

Jortedyr lever av planteføde. Magen er todelt, slik at maten første gongen berre blir grovtoggen og svelgd ned i frammagen, som er delt i to: vomma og nettmagen. Etter ein gjæringsprosess vert maten støytt opp att i små klumpar, slik at dyret kan fintygge maten medan det kviler. Når dyret svelgjer maten for andre gong, er han så blanda med spytt at han renn forbi frammagen, gjennom bollerenna nedst i matrøyret og inn i meltemagen, som òg er delt i to: bladmagen og løypemagen. Dei fire delane av magen er ulikt utvikla hos forskjellige jortedyr.

Av norske husdyr høyrer ku, sau og geit til jortedyra. Det finst seks viltlevande artar jortedyr i Noreg: dådyr, elg, hjort, moskus, rein og rådyr.

Kjelder

endre

Erling Sølvberg (1956). «jortedyr». I Arnulv Sudman. Norsk Allkunnebok 7. Oslo: Fonna. s. 49-50. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Jortedyr