José de Sousa Saramago (fødd 16. november 1922 i Azinhaga i Portugal, død 18. juni 2010 TíasLanzarote) var ein portugisisk roman- og novelleforfattar, dramatikar, lyrikar, essayist, omsetjar og journalist.

José Saramago

Statsborgarskap Portugal
Fødd 16. november 1922
Azinhaga, Golegã
Død

18. juni 2010 (87 år)
Lanzarote, Tías

Yrke journalist, skodespelforfattar, omsetjar, romanforfattar, lyrikar, krønikeskrivar, essayist, dagbokskrivar, litteraturkritikar, skribent, manusforfattar, dramaturg, revolusjonær
Sjanger magisk realisme
Religion ateisme
Ektefelle Ilda Reis, Isabel da Nóbrega, Pilar del Río
Born Violante Saramago Matos
Signatur
José Saramago på Commons
Første romanen til Saramago, Terra do Pecado frå 1947.


Liv og virke

endre

Saramago fekk det internasjonale gjennombrotet i 1982 med romanen Memorial do Convento (Klosterkrønike), og vart tildelt nobelprisen i litteratur i 1998. Frå 1992 og fram til han døydde budde han på Lanzarote, ei av Kanariøyane. Saramago var medlem av det portugisiske kommunistpartiet frå 1969, han var ateist og skildra seg sjølv som pessimist. Oppfatningane hans har skapt store kontroversar i Portugal, spesielt etter utgjevinga av Jesusevangeliet.

Tilliks med Jesusevangeliet er mange av arbeida hans framstillingar av historiske hendingar i nye perspektiv. Saramago forsøkte å framheve den menneskelege faktoren bak hendingane i staden for å presentere den vanlege «offisielle» framstillinga. Nokre av arbeida hans kan også sjåast på som allegoriar.

Bibliografi

endre

Poesi

endre
  • Os Poemas Possíveis, 1966
  • Provavelmente Alegria, 1970
  • O Ano de 1993, 1975

Romanar og novellesamlingar

endre
  • Terra do Pecado, 1947
  • Manual de Pintura e Caligrafia, 1977
  • Objecto Quase, 1978
  • Poética dos Cinco Sentidos - O Ouvido, 1979
  • Levantado do Chão, 1980
  • Memorial do Convento, 1982 (Klosterkrønike, 1987)
  • O Ano da Morte de Ricardo Reis, 1984 (Det året Ricardo Reis døde, 1998)
  • A Jangada de Pedra, 1986 (En flåte av stein, 1989)
  • História do Cerco de Lisboa, 1989 (Beleiringen av Lisboa, 1995)
  • O Evangelho Segundo Jesus Cristo, 1991 (Jesusevangeliet, 1993)
  • Ensaio sobre a Cegueira, 1995 (En beretning om blindhet, 1996)
  • O Conto da Ilha Desconhecida, 1997
  • Todos os Nomes, 1997 (Alle navnene, 2001)
  • A Caverna, 2001 (Hulen, 2002)
  • O Homem Duplicado, 2002 (Den andre mannen, 2004)
  • Ensaio sobre a Lucidez, 2004 (En beretning om klarsyn, 2005)
  • As Intermitências da Morte, 2005 (Dødens uteblivelse, 2007)

Drama

endre
  • A noite, 1979
  • Que Farei Com Este Livro?, 1980
  • A Segunda Vida de Francisco de Assis, 1987
  • In Nomine Dei, 1993
  • Don Giovanni ou o Dissoluto Absolvido, 2005

Essay

endre
  • Deste Mundo e do Outro, 1971
  • A Bagagem do Viajante: crónicas, 1973
  • As Opiniões que o DL teve, 1974
  • Os Apontamentos: crónicas política, 1976
  • Viagem a Portugal, 1981 (Reisen til Portugal, 2001, reiseskildring)

Dagbøker

endre
  • Cadernos de Lanzarote: diário [1–5], 1994–1998

Bakgrunnsstoff

endre