Joseph Conrad
Joseph Conrad, eigentleg Józef Teodor Nałęcz Konrad Korzeniowski (3. desember 1857–3. august 1924) var ein britisk forfattar med polsk bakgrunn som blir rekna som ein av dei store engelskspråklege forfattarane, trass i at engelsk var det tredje språket han lærte.[1]
Joseph Conrad | |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Storbritannia, Den andre polske republikken, Polen, Ukraina |
Fødd | 3. desember 1857 Terekhove, Berdytsjiv |
Død |
3. august 1924 (66 år) |
Yrke | skribent, romanforfattar, essayist, manusforfattar, science fiction-forfattar, sjølvbiograf |
Språk | engelsk, polsk |
Religion | ateisme |
Far | Apollo Korzeniowski |
Mor | Ewa Korzeniewska |
Ektefelle | Jessie George |
Joseph Conrad på Commons |
Liv
endreConrad blei fødd i det som i dag er den ukrainske byen Berdytsjiv, men då ein del av Det russiske keisarriket. Fram til 1793 var byen polsk og bar namnet Berdyczów, men kom under russisk besetning etter den andre delinga av Polen. Foreldra var polske adelege, mora heitte Ewelina Bobrowska og faren, Apollo Korzeniowski, skreiv skodespel som tok for seg aktuelle politiske tema og omsette William Shakespeare og Victor Hugo til polsk. Han oppmuntra Conrad til å lese polsk og fransk litteratur. Faren var ein polsk patriot som engasjerte seg i arbeidet for ein sjølvstendig polsk stat. Russarane kasta han derfor i fengsel i 1861, og ni månader seinare landsforviste dei han til den nord-russiske byen Vologda om lag 500 km nordaust for Moskva. Kona og den fire år gamle sonen flytta med, men av di kona var sjukleg fekk faren i 1865 flytte til Tsjernihiv i Nord-Ukraina. Berre få veker seinare døydde mor til Conrad av tuberkulose, medan faren døydde i Kraków fire år etter. Onkelen Tadeusz Bobrowski tok over omsorga for den elleve år gamle guten. I 1874, da Conrad var seksten år gammal, gav onkelen han lov til å reise til Marseille for å bli sjømann. Conrad seilte først i den franske, seinare i den engelske handelsflåten, og fekk britisk statsborgarskap i 1886.
I 1888 blei Conrad kaptein på barken «Otago»; det var den einaste kapteinsposten han hadde. Etter å ha levd eit spanande liv som sjømann gjekk han i land i 1894, dels på grunn av helseproblem og dels for å forsøke seg på ei litterær karriere.
Conrad budde i landsbyen Bishopsbourne utanfor Canterbury, og døydde der av eit hjarteinfarkt 3. august 1924.
Virke
endreConrad skreiv noveller, kortromanar og romanar. Eit gjennomgåande tema er menneske som blir utsett for omstende der deira plikt- og æreskjensle blir sett på prøve, gjerne med hendingar henta frå sjømannslivet.
Det aller mest kjende av Conrad sine verk er kortromanen Heart of Darkness som er ei framstilling av ei reise inn i dei mørkaste avkrokane i menneskesinnet. Denne boka gir enn i dag atterklang hos lesarane, og teksten blir ofte diskutert og omfortolka i den litteratur- og kulturvitskapelege debatten rundt postmodernisme og postkolonialisme. Elles blir romanane Lord Jim og Nostromo rekna som dei beste bøkene hans; The Secret Agent og Under Western Eyes kan òg nemnast.
Conrad var ein meisterleg prosastilist som introduserte ei tydeleg ikkje-engelsk kjensle for tragikk og anti-heroisme i engelsk litteratur.[2] Nokre av verka syner romantiske trekk, men Conrad blir til vanleg rekna som ein forgjengar for modernistisk litteratur. Den forteljande stilen og dei anti-heroiske karakterane har inspirert mange forfattarar, som til dømes Ernest Hemingway, D.H. Lawrence, F. Scott Fitzgerald, Graham Greene, Malcolm Lowry, William S. Burroughs, Joseph Heller, V.S. Naipaul, Italo Calvino, Hunter S. Thompson og J.M. Coetzee.[3]
Ettermæle
endreDet er laga ei mengd filmar med manus basert på, eller meir lauseleg inspirert av, Conrad sine forteljingar, den mest kjende er Francis Ford Coppola sin Apokalypse nå! (1979). Hendingane, som i Heart of Darkness utspelar seg i langsmed Kongofloden under den belgiske kolonialismetida, er i filmen lagd til ei fiktiv elv under Vietnamkrigen. Det er òg laga filmar inspirert av forteljingane Victory, Lord Jim, The Secret Agent, An Outcast of the Islands, The Rover, The Shadow Line, The Duellists, Nostromo, Almayer's Folly og Amy Foster (filmen Swept from the Sea, 1997).
Verk
endreRomanar og kortromanar
endre- Almayer's Folly: A story of an Eastern River (1895), Almayers dårskap
- An Outcast of the Islands
- The Nigger of the "Narcissus" (1897), Negeren på Narcissus
- Lord Jim: A Tale (1900)
- The Inheritors: An Extravagant Story (1901), med Ford Madox Hueffer
- Heart of darkness (1902) Mørkets hjerte
- Utvida nyutgåve: Heart of Darkness with: The Congo Diary and Up-river Book, red. Zdisław Najder, Hesperus Press Ltd., London 2002 ISBN 1-84391-008-X
- Romance (1903), med Ford Madox Hueffer
- Nostromo: A Tale of the Seaboard (1904), Nostromo
- The Secret Agent (1907)
- Under Western Eyes (1911), Razumov
- Chance (1914)
- Victory (1915), Seier
- The Shadow-Line (1917)
- The Arrow of Gold (1919)
- The Rescue (1920)
- The Rover (1923)
- The Nature of a Crime (1923), med Ford Madox Hueffer
- Suspense (1925)
Forteljingar
endre- Tales of Unrest (1898)
- Karain: A Memory
- The Idiots
- An Outpost of Progress
- The Return
- The Lagoon
- Youth, a Narrative, and Two Other Stories (1902)
- Youth
- Heart of Darkness
- The End of the Tether
- Typhoon and Other Stories (1903)
- Typhoon
- Amy Foster
- Falk
- To-morrow
- A Set of Six (1908)
- Gaspar Ruiz
- The Informer
- The Brute
- An Anarchist
- The Duel
- Il Conde
- 'Twixt Land and Sea: Three Tales (1912)
- A Smile of Fortune
- The Secret Sharer
- Freya of the Seven Isles
- Within the Tides (1915)
- The Planter of Malata
- The Partner
- The Inn of the Two Witches: A Find
- Because of the Dollars
- Tales of Hearsay (1925)
- The Black Mate
- The Warrior's Soul
- Prince Roman
- The Tale
Sjølvbiografiske verk
endre- The Mirror of the Sea (1906)
- A Personal Record (1912)
Teaterstykke og dramatiseringar
endre- One day more, A Play in One Act (1913)
- The Secret Agent, A Play in Four Acts (1921)
- Laughing Anne, A Play (1923)
Referansar
endre- ↑ Morton Dauwen Zabel, «Conrad, Joseph», Encyclopedia Americana, 1986 ed., vol. 7, s. 606.
- ↑ "Poland." Encyclopædia Britannica. 2009. Encyclopædia Britannica Online. 5 August 2009
- ↑ [1] Arkivert 2007-10-26 ved Wayback Machine. Om tildelinga av Nobels litteraturpris til Coetzee i 2003 (polsk).
Bakgrunnsstoff
endre- Om Joseph Conrad Arkivert 2015-02-10 ved Wayback Machine. på kirjasto.sci.fi, ein finsk nettstad om litteratur
- Kjelder
- Joseph Conrad på en.wikisource.org
- Verk av Joseph Conrad på gutenberg.org
- Verk av eller om Joseph Conrad på Internet Archive og Google Books
- Verk av Joseph Conrad på The Online Books Page
- Verk av Joseph Conrad på LibriVox (lydbøker)
- Verk av Joseph Conrad på conradfirst.net.
- Portalar og biografiar
- The Joseph Conrad Society (UK)
- Joseph Conrad Society of America
- Biografi om Joseph Conrad Arkivert 2011-01-23 ved Wayback Machine. på Joseph Conrad Centre, Polen
- Biografi om Joseph Conrad på The Literature Network
- Biografiar, verk, tekster, artiklar Arkivert 2013-06-09 ved Wayback Machine.
- Litteratur
- Gérard Jean-Aubry, Vie de Conrad, Gallimard, 1947, til engelsk av Helen Sebba, The Sea Dreamer: A Definitive Biography of Joseph Conrad, Doubleday & Co.,1957.Magill, Frank; Kohler, Dayton (1968). Masterplots 11. Salem Press. s. 236.
- Jeffrey Meyers, Joseph Conrad: a Biography, New York, Charles Scribner's Sons, 1991.
- Zdzisław Najder, Conrad under Familial Eyes, Cambridge University Press, 1984, ISBN 0-521-25082-X.
- Zdzisław Najder, Joseph Conrad: a Life, til engelsk av Halina Najder, Rochester, Camden House, 2007, ISBN 157113347X.
- J.H. Stape, ed. The Cambridge Companion to Joseph Conrad, Cambridge University Press, 2006.
- John Stape. The Several Lives of Joseph Conrad, Pantheon, 2008, ISBN 1400044499.
- T. Scovel, A Time to Speak: a Psycholinguistic Inquiry into the Critical Period for Human Speech, Cambridge, MA, Newbury House, 1988.
- Olivier Weber, Conrad, Arthaud-Flammarion, 2011.
- Morton Dauwen Zabel, "Conrad, Joseph," Encyclopedia Americana, 1986 ed., ISBN 0-7172-0117-1, vol. 7, s. 606–7.
- Litteraturkritikk
- Forskingsarbeid om Conrad sine verk på literaryhistory.com
- Philip V. Allingham: Conrad and Classical Imagery in The Nigger of the 'Narcissus' Arkivert 2011-02-17 ved Wayback Machine.
- Ulikt
- Find-A-Grave profil for Joseph Conrad
- Arkivmateriale om Joseph Conrad på UK National Register of Archives
- Verk av og om Joseph Conrad i katalogen til det tyske nasjonalbiblioteket