Josh Leo (fødd i 1953) er ein amerikansk gitarist, låtskrivar og plateprodusent, aktiv i Nashville.

Josh Leo
Fødd1953 (71 år)
FødestadDes Moines i Iowa i USA
OpphavUSA
SjangerCountry
pop
InstrumentGuitar
Verka somGitarist
Låtskrivar
Plateprodusent

I 1973 flytta han til Chicago og vart gitarist i det kortvarige Eddie Boy Band. Bandet reiste til Los Angeles to år seinare og spelte inn eit album for MCA Records.[1] Eddie Boy Band var misnøgde med lydkvaliteten på albumet, og vart oppløyst kort tid seinare.

I 1979, fire år etter Eddie Boy Band vart oppløyst, turnerte Leo med J.D. Souther som gitarist. Dei neste få åra spelte han og turnerte han med Kim Carnes, Jimmy Buffett og Glenn Frey. I 1983 fekk han den første hitten sin då Crystal Gayle nådde toppen av Billboard Country Singles-lista med ein av songane hans, «Baby What About You». Same året byrja Leo å arbeide som produsent og produsere Timothy B. Schmit-albumet Playin' It Cool i 1984. I 1985 flytta Leo til Nashville for å fokusere på låtskriving og produksjon. Det første albumet han produsere der var Nitty Gritty Dirt Band-albumet Hold On i 1987. Eit av spora på albumet, «Baby's Got a Hold On Me», var skriven av Jeff Hannah og Bob Carpenter, og gav han den første hitten som produsent på countrysingellista.

Seint i 1980- og i 1990-åra skreiv Leo songar og produserte album for mange country artistar og grupper, som Alabama, Restless Heart, Kathy Mattea, Reba McEntire og LeAnn Rimes, blant andre. I nyare år har han halde fram med dette for Brenda Lee, Lynyrd Skynyrd, Bad Company, Kenny Chesney og Dustin Lynch.

Kjelder endre

  1. «Josh Leo». Arkivert frå originalen 15. juli 2011. Henta 26. oktober 2020.