Jostein Krokvik

norsk forfattar og redaktør

Jostein Krokvik (4. januar 192729. mars 2007) var ein norsk forfattar, redaktør og målmann. Han vart fødd i VanylvenSunnmøre, og utdanna seg til tannlækjar. Etter å ha arbeidd i dette yrket i fleire år, var han redaktør i Norsk Barneblad i ei tid. Seinare sette han i gang bladet Vestmannen i samarbeid med Vestmannalaget, der han var bladstyrar i nærast 20 år. Han var ein verksam forfattar, og gav ut fleire romanar, noveller og ungdomsbøker. Han skreiv attåt dette ogso mange målpolitiske bøker og skrifter.

Jostein Krokvik
Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. januar 1927
Vanylven
Død

29. mars 2007 (80 år)

Yrke skribent, redaktør
Språk norsk

Utvalde verk

endre
  • Fangevaktaren (1969).
  • Utgrend (1974).
  • Fenris ulven (1976).
  • Åne smeller til (1977).
  • Nett no (1977).
  • Jenta i den gule kjolen (1978).
  • Hovudet høgt (1979).
  • Mistanken (1979).
  • Benken ved alperosene (1980).
  • Opprør (1980).
  • Den vesle fangen (1982).
  • Den tøffe silkepus (1983).
  • Kjettarord um norsk målalkymi - essayistisk debattbok (1985).
  • I grenseland (1986).
  • Alt i alt (1986).
  • Det andre rommet (1987).
  • Rømlings fotefar (1988).
  • Det gåtefulle tårnhuset (1989).
  • Galgiholm (1990).
  • Mål og vanmæle (1991).
  • Ny Hungrvekja og Jan Prahl (1993).
  • Luftspeglingars brotstykk (1994).

Bakgrunnsstoff

endre