Juanfernandezmeisetyrann
Juanfernandezmeisetyrann (Anairetes fernandezianus) er ein art av sporvefuglar i tyrannfamilien Tyrannidae, som tilhøyrer meisetyrannslekta Anairetes. Han er endemisk for Juan Fernández-øyane, Chile.
Juanfernandezmeisetyrann | |
Juanfernandezmeisetyrann | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Nær truga Utbreiinga av juanfernandezmeisetyrann | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Tyrannfamilien Tyrannidae |
Slekt: | Anairetes |
Art: | Juanfernandezmeisetyrann A. fernandezianus |
Vitskapleg namn | |
Anairetes fernandezianus |
Det generiske hankjønnsnamnet Anairetes stammar frå det greske αναιρετης, anairetēs, som betyr ‘øydelegg’ (t.d. «tyrann»); og artsnamnet fernandezianus refererer til typelokaliteten til arten.[1]
Arten er monotypisk. Gulaugemeisetyrann (A. parulus) som lever på fastlandet frå Colombia til Eldlandet er systerart.[2]
Skildring
endreJuanfernandezmeisetyrannen er ein stor medlem i slekta, ca. 12,5 cm i kroppslengd. Oversida er mørk grå, vengene nær svarte med to kvite vengeband. Kinna, strupe, bryst, undersida med flankar er kvit med kraftige svarte striper frå strupen til fremre buken. Undergumpen er kvit. Panna er svart med nokre lange fjører som kan reisast, størst hos hannar.[2]
Han finst berre på Robinson Crusoe-øya, i Juan Fernández-øygruppa, Chile, i Stillehavet. Han er vanleg i alle skogkledde habitat på øya, opp til 900 m høgd. Han føretrekkjer skog av opphavleg treslag, sjølv om han tilpassar seg godt til andre miljø, inkludert hagar og parkar. Føda er insekt, juanfernandezmeisetyrannen er einaste insektetande fugleart på øygruppa.[2]
Status
endreJuanfernandezmeisetyrannen har vorte klassifisert som nær trua av Verdas naturvernunion (IUCN) på grunn av den ekstremt litle utbreiinga og på ei enkelt øy. Sjølv om populasjonen, berekna til 5000 individ på midten av 1980-talet, truleg er stabil, er arten utsett for trugsmål frå innførte pattedyr som ringast den opphavlege vegetasjonen, menneskelege påverknader og moglegvis av introduserte frammande predatorar som nasebjørn (Nasua), rotter og huskattar.[2]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Anairetes fernandezianus» frå Wikipedia på spansk, den 4. mars 2023
- Referansar
- ↑ Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 46, 158. ISBN 978-1-4081-2501-4.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 Fitzpatrick, J. W. (2020). Juan Fernandez Tit-Tyrant (Anairetes fernandezianus), versjon 1.0. I Birds of the World (T. S. Schulenberg og B. K. Keeney, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA
Bakgrunnsstoff
endre- BirdLife International (2023) Species factsheet: Anairetes fernandezianus.
- (no) juanfernandezmeisetyrann hos Artsdatabanken
- (en) juanfernandezmeisetyrann i Global Biodiversity Information Facility
- (en) juanfernandezmeisetyrann hos ITIS
- (en) juanfernandezmeisetyrann hos NCBI
- (en) Kategori:Anairetes fernandezianus – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Anairetes fernandezianus – detaljert informasjon på Wikispecies