Juanfernandezpetrell

fugleart
Juanfernandezpetrell
Juanfernandezpetrell
Juanfernandezpetrell
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av juanfernandezpetrell
Utbreiinga av juanfernandezpetrell
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Stormfuglfamilien Procellariidae
Slekt: Pterodroma
Art: Juanfernandezpetrell P. externa
Vitskapleg namn
Pterodroma externa

Juanfernandezpetrell (Pterodroma externa) er ein sjøfuglart i stormfuglfamilien Procellariidae. Han hekkar på ei enkelt øy utanfor kysten av Chile, i Juan Fernández-øygruppa. Han er monotypisk, vart tidlegare klassifisert som ein underart av macauleypetrell (Pterodroma cervicalis), som lever i tropiske farvatn i Stillehavet og Indiahavet.

Skildring endre

Juanfernandezpetrell er ein stor og langvenga petrellart i Pterodroma, 42,5-45 cm lang med eit vengespenn på 95–97 cm og ein masse på rundt 500 gram. Oversida er mørk brungrå og det er ei svakt M-forma markering på oversida vengene i flukt. Undersida er kvit, med bakkanten av vengen er svart. Ansiktet er kvitt, med ei mørk maske som strekkjer seg under auga. Føtene er gule. Nebbet er svart med ein kroka spiss og rommar dei røyrforma nasebora som er unike for alle stormfuglar, Procellariiformes.[1]

Hekkehabitat er høgdedrag over 600 moh., der dei grev ei hòla i bakken for å avle ein unge per år. Hoene legg eit enkelt, kvitt egg i midten av i siste del av desember til tidleg januar.[1]

I hekkesesongen søkjer petrellane i farvatn rundt Alejandro Selkirk-øya og Robinson Crusoe-øya i Juan Fernández-øygruppa, og dessutan mot kysten av Chile. Fuglane kan finnast i små grupper saman med andre Pterodroma-petrellar, kilehalelirer (Ardenna pacifica) og andre sjøfuglar som suler og terner. Utanom hekkesesongen søkjer petrellane i ekvatorialstraumane og motstraumane, så langt nord som Hawaii. Juanfernandezpetrellar er observerte som streiffuglar i australske fartvatn, Chatham-øyane i New Zealand, Fiji og i Sør-Atlanteren.[1]

Føda er truleg blekksprut og flygefisk.[1]

Petrellen hekkar berre på éi øy i Chile, Alejandro Selkirk-øya. Hekkebestanden vart anslått til 1 million par i 1985–86, og det kan svare til opptil 3–5 millionar fuglar globalt. Han er truga på hekkeplassane av predasjon frå introduserte artar som kattar og rotter, og i mindre grad av habitattap årsaka av introduserte geiter og andre planteetarar. IUCN kategoriserer arten som sårbar på raudlista på grunn av statusen som endemisk og trugsmål frå introduserte rovdyr.[2]

Kjelder endre

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Carboneras, C., F. Jutglar, og G. M. Kirwan (2020). Juan Fernandez Petrel (Pterodroma externa), version 1.0 I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. Henta 12. mars 2023
  2. BirdLife International (2018). Pterodroma externa. IUCN Red List of Threatened Species. 2018: e.T22698030A132620783. doi:10.2305/IUCN.UK.2018-2.RLTS.T22698030A132620783.en. Henta 12. mars 2023.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Juanfernandezpetrell