Jujuyprovinsen

(Omdirigert frå Jujuy-provinsen)

Jujuy er ein provins i Argentina, som ligg i den ekstremt nordvestlege delen av landet, ved grensene til Chile og Bolivia. Den einaste naboprovinsen i Argentina er Salta i aust og sør. Hovudstaden er San Salvador de Jujuy. Ein annan viktig by er Libertador General San Martín.

Jujuyprovinsen
provins
Flagg
Symbol
Land  Argentina
Del av Nordvest-Argentina, South America Midwest Integrated Zone
Hovudstad San Salvador de Jujuy
Areal 53 219 km²
Folketal 811 611 (2022)[1]
Kart
Jujuyprovinsen
23°45′S 65°30′W / 23.75°S 65.5°W / -23.75; -65.5
Wikimedia Commons: Jujuy Province

Provinsen er delt inn i 16 departement, det mest folkerike departementet er Doctor Manuel Belgrano med ein folkesetnad på 320 990&nbsp i 2022, 40 prosent av den totale folkesetnaden på 797 955 i provinsen.[2]

Mykje av det totale arealet på 53 219 km² ligg i Altiplano, ca. 3500 moh. Provinsen er ein storprodusent av litium-salt, og produserer også petroleum, salt og jern, og jordbruksprodukt som sitrus og sukkerrøyr.

Geografi

endre

Provinsen kan grovt sett delast inn i tre hovudområde:

(1) Altiplano, ei høglandsplate ca. 3 500 meter over havnivå med toppar på 5 000 moh., dekkjer det meste av provinsen.[3]

(2) Grande i Jujuy skjer gjennom Quebrada de Humahuaca-kløfta, med høgder mellom 1 000 og 3 500 moh.

(3) Mot søraust søkk fjella ned til Gran Chaco-regionen.

Den store høgdeforskjellen og klimaet produserer ørkenområde som Salinas Grandes saltgruver og subtropisk Yungas-jungel.

Terrenget i provinsen er hovudsakleg tørt og halvørkenaktig på tvers av dei ulike områda, bortsett frå El Ramal-dalen til San Francisco-elva. Temperaturskilnaden mellom dag og natt er større i høgare område, og nedbør er sjeldan utanfor det tempererte området til San Francisco-elva.

Grande-elva og San Francisco-elva renn ut i elva Bermejo. San Juan, La Quiaca, Yavi og Sansana-elvane renn ut i elva Pilcomayo.

Urfolk

endre

Kollafolket er ei samnemning for urfolksgrupper som har levd i Jujuy i fleire hundreår, og praktiserer naturalhushald, driv gardsbruk med lamaer og geiter.[4] Ei gruppe små produsentar frå landsbyen Susques har kjempa for å verne om pachamama og halde på rettane dei har som medlemmer av urfolksgrupper.[5]

Mange landsbyar har gått saman for å motsetje seg litiumutvinning fordi det krev mykje vatn som regionen har veldig lite av. Dei hevdar at gruvedrifta har forureina lufta med restar av kjemikaliar brukt til å vinne ut litium, som lut, hydrert natriumkarbonat og andre. Dei hevdar også at støvet truar dyrehelsa.[6][7]

Økonomi

endre

Jujuys økonomi er moderat underutvikla, men likevel veldig diversifisert.[8] I 2006 var økonomien anslått til 2 998 milliardar USD, eller 4 899 USD per innbyggjar, meir enn 40 % under det nasjonale gjennomsnittet.[9]

Landbruk

endre

Jujuy er, trass i den landlege profilen sin, ikkje spesielt agrarisk. Landbruket bidreg med omtrent 10 % til produksjonen, og hovudaktiviteten i landbruket er sukkerrøyr. Handsaming av desse råvarene representerer meir enn halvparten av bruttoproduksjonen i provinsen, og 30 % av den nasjonale sukkerproduksjonen. Eit anna landbruksprodukt er tobakk, dyrka i den søraustlege dalen, som ein stor nasjonal produsent. Andre avlingar inkluderer bønner, sitrus og tomatar, og andre grønsaker til lokalt forbruk. Kveg og geiter avlast i liten skala, hovudsakleg for mjølkeproduksjon til lokale meieri, og lamaer, vicuñaer og guanakoar vert avla for for ullproduksjon.

Produksjon er meir framståande i Jujuy enn i nokon av naboprovinsane, og bidreg med 15 % til økonomien. Jujuy er den nest største argentinske produsenten av jern, brukt av Altos Hornos Zapla stålverk.

Gruvedrift

endre

Andre industrielle aktivitetar inkluderer gruvedrift for byggjemateriale, petroleumsutvinning ved Caimancito, saltproduksjon frå Salinas Grandes saltbasseng, og papirproduksjon drive av Jujuy sine skogar med 20 % av industriprodukta i provinsen.

Argentina er verdas nest største produsent av litium-salt,[10] som ligg i Jujuy (t.d. Salar de Olaroz og Salinas Grandes gruver). Det såkalla litium-triangelet, som består av nordvestlege Argentina, Bolivia og nordaustlege Chile, held meir enn halvparten av forsyninga i verda.[11]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://censo.gob.ar/wp-content/uploads/2023/11/CNPHV2022_RD_Indicadores-demogrA%C2%A1ficos.pdf; vitjingsdato: 28. juli 2024.
  2. «Argentina - Administrative Division» (på engelsk). Henta 30. oktober 2024. 
  3. Singer, Paola (4. august 2010). «An Argentine Gem Hidden No More». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. Henta 30. oktober 2024. 
  4. «The Kolla» (på engelsk). Nomadic Tribe. Henta 31. oktober 2024. 
  5. Iglesias, Jorge (5. june 2014). Secan la Puna jujeña para extraer litio. colectivoapacheta (på spansk). Interview with Enredando las Mañanas. 
  6. Megan Janetsky; Victor R. Caivano; Rodrigo Abd (18. mars 2024). «Lithium mines threaten South America's Native cultures, wealth and water» (på engelsk). National Catholic Reporter. Henta 31. oktober 2024. 
  7. Berta Reventós (27. august 2023). «The indigenous groups fighting against the quest for 'white gold'» (på engelsk). BBC News. Henta 31. oktober 2024. 
  8. «Economic map of the Province of Jujuy | Gifex». www.gifex.com. Henta 30. oktober 2024. 
  9. «El déficit consolidado de las provincias rondará los $11.500 millones este año» (på spansk). Instituto Argentino para el Desarrollo de las Economías Regionales. Arkivert frå originalen 11. juli 2015. Henta 30. oktober 2024. 
  10. «Lithium—For Harnessing Renewable Energy» (PDF). U.S. Department of the Interior, U.S. Geological Survey. April 2014. s. 1. 
  11. Katwala, Amit (5. august 2018). «The spiralling environmental cost of our lithium battery addiction». Wired. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Jujuyprovinsen