Jul Låg
Jul Låg (13. november 1915–2. februar 2000) var ein norsk landbruksforskar som særleg interesserte seg for jordsmonn. Han var professor i jordbotnlære ved Noregs landbrukshøgskule 1949–85, og var rektor her 1968–71.
Jul Låg | |||
Fødd | 13. november 1915 Flesberg kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 2. februar 2000 Ås kommune | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | vitskapsperson | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi Det polske vitenskapsakademi |
Liv
endreLåg var fødd i Flesberg i Buskerud, og voks opp på garden Låg nordre.[1] Etter å ha jobba som gardsarbeidar i nokre år tok han graden cand. agric. ved Noregs landbrukshøgskule med den framifrå hovudgraden 1,11. Han studerte også geologi ved Universitetet i Oslo (1942-43). I 1949 tok han graden Dr.agric. med ei avhandling om opphavsmaterialet for morenedekka på Austlandet.
Frå 1949 til 1985 var Jul Låg professor ved NLH. Han var også leiar av Institutt for jordbunnslære med Statens Jordundersøkelse frå 1040 til 1980.[1]
Frå 1968 til 1971 var Låg rektor ved NLH, medan han var prorektor i periodane 1958–62 og 1966–68.
Låg blei internasjonalt kjend for arbeidet sitt for å finna talmessige uttrykk for verknaden av jordsmonndannande faktorar, over eigenskapane og produksjonsevna til jordsmonnet og over fordeling av plantesamfunn. Han arbeidde også med geomedisin. Han skreiv mellom anna Jordsmonnet som vi lever av (1965), Berggrunn, jord og jordsmonn (1979), Jordvern som likevel lønner seg (1983).[2]
Jul Låg blei medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi i 1953, og verka som preses her frå 1976 til 1984.[2] Han var også medlem i ei rekkje råd og utval, som Det Kongelige Norske Videnskabers Selskap frå 1984, svenske Kungliga Skogs- och Lantbruksakademien frå 1966, finske Suomalainen Tiedeakatemia frå 1976 og Det Kongelige Danske Videnskabernes Selskab frå 1982. Han var formann i styret for seksjon 1 i Nordiske Jordbruksforskeres Forening 1957–59 og 1972–79, internordisk utvalg for geomedisinsk forskning 1978–84, Norges landbruksvitenskapelige forskningsråd (NLVF) 1972–73, i Forskningsrådenes samarbeidsutvalg 1972–73 og Nordisk Kontaktorgan for Jordbrugsforskning 1972–74.[1]
Prisar og utmerkingar
endre- 1970: Kommandør av den islandske Falkordenen
- 1974: Copernicus-medaljen
- 1984: Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 Bergseth, Harald. «Jul Låg». I Helle, Knut. Norsk biografisk leksikon (på norsk bokmål). Oslo: Kunnskapsforlaget. Henta 23 April 2014.
- ↑ 2,0 2,1 «Jul Låg». Store norske leksikon (på norsk bokmål). Henta 23. april 2014.