Junco

slekt av sporvefuglar
Junco
Vulkanjunko, Junco vulcani Foto: Francesco Veronesi
Vulkanjunko, Junco vulcani
Foto: Francesco Veronesi
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Passeri
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Passeroidea
Familie: Amerikasporvfamilien Passerellidae
Slekt: Junco
Wagler, 1831

Junco er ei lita biologisk slekt av fem artar sporvefuglar i Amerika frå Alaska i nord og sørover til norvestlegaste Panama. Artane i slekta har namn på norsk med fellesnemninga 'junko' og dei er ein del av amerikasporvfamilien, Passerellidae.

Skildring endre

 
Vinterjunko, Junco hyemalis
Foto: Ukjent, utgjeve av Shenandoah National Park
 
Vinterjunko, Junco hyemalis, Cap Tourmente National Wildlife Area, Quebec, Canada
Foto: Simon Pierre Barrette
 
Gulaugejunko, Junco phaeonotus
Foto: Gary L. Clark

Junkoar varierer frå 13 til 17 centimeter i kroppslengd. I hovudsak har dei fjørdrakt med grått hovud og hals, meir brunleg eller raudbrun overside av kroppen og uklår oransje på kroppsidene, lysare og gråare mot buken. Her er store variasjonar, vinterjunko har særlege variantar blant underartane, til dømes finn ein berre grått og kvitt hos hofuglar av nominatforma samt hos begge kjønn av J. h. aikeni. Junco bairdi er ei spesielt lys utgåve av junkoar.

Vinterjunko har utbreiing over heile Nord-Amerika og har ein estimert populasjon på heile 260 millionar individ.[1] Guadalupejunko og vulkanjunko lever i Mexico og Sentral-Amerika. Guadalupejunko er endemisk for øya Guadalupe, medan pericujunko, Junco bairdi, er endemisk for ytste sørspissen av Californiahalvøya.

Artslista endre

Junco i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2017[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]

  • Vinterjunko, Junco hyemalis, Dark-eyed Junco, Linné, 1758, (LC)
  • Guadalupejunko, Junco insularis, Guadalupe Junco, Ridgway, 1876, (NR)
  • Gulaugejunko, Junco phaeonotus, Yellow-eyed Junco, Wagler, 1831, (LC)
  • Pericujunko, Junco bairdi, Baird's Junco, Ridgway, 1883, (NT)
  • Vulkanjunko, Junco vulcani, Volcano Junco, Boucard, 1878, (LC)

Kjelder endre

Referansar
  1. BirdLife International (2017) Species factsheet: Junco hyemalis. Henta frå http://www.birdlife.org den 21. oktober 2017
  2. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2017 
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Junco