Kafr Kanna
- Denne artikkelen handlar om landsbyen i Israel. For landsbyen i Libanon, sjå Qana.
Kafr Kanna (arabisk كفر كنا, Kafr Kanā; hebraisk כַּפְר כַּנָּא) er ein arabisk by i Tur'andalen i Galilea, ein del av Nord distrikt i Israel. Han er knytt til landsbyen Kana i Det nye testamentet der Jesus gjorde vatn om til vin.[1] Han hadde eit folketal på 21 967 i 2017.[2]
Kafr Kanna | |||
כַּפְר כָּנָּא, كفر كنا, Kafar Kanna, Kufr Kana | |||
lokal kommune | |||
Veg ved Kafr Kanna
| |||
Namneopphav: Landsbyen til Cana | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord | ||
Koordinatar | 32°45′N 35°21′E / 32.750°N 35.350°E | ||
Areal | 10,6 km² | ||
Folketal | 18 000 (2006) | ||
Folketettleik | 1 698 / km² | ||
Bystatus | 1968 | ||
Kafr Kanna 32°45′N 35°21′E / 32.75°N 35.35°E | |||
Kart som viser Kafr Kanna.
| |||
Wikimedia Commons: Kafr Kanna |
Historie
endreAntikken
endreBusetnaden Kana var nemnt i Amarnabreva og var kjend i tida då den romersk-jødiske historikaren Josefus levde.
I utkanten av den moderne byen ligg grava til ein av dei jødiske vismennene, rabbinaren Simeon ben Gamliel, nasi (prins) av Sanhedrin, som vart leiar for Det øvste rådet i 50 evt. Grava hans har vore ein viktig, jødisk pilegrimsstad i hundrevis av år.[3][4]
Mellomalderen
endreNasir-i-Khusraw vitja landsbyen i 1047 og skildra staden i dagboka si:
« | Lenger sør [for Kafar Kannah] ligg ein ås, og på toppen har dei bygd eit fint kloster. Det har ein mektig port, og ggrava til profeten Yunis (Jona) [...] innafor. Nær porten til klosteret ligg ein brunn, og vatnet der er søtt og godt. [...][5] | » |
Kafr Kanna vart erobra av krossfararar i 1099. I denne tida skreiv Ali frå Herat at ein kunne sjå makamen til Jona, og grava til sonen, i Kafr Kanna. Dette vart òg nemnt av Yaqut al-Hamawi, men han omtalta grava som far til Jona.[5] I august 1254 selde Julian, herskaren i Sidon, landsbyen til Maltesarordenen.[6]
Kring 1300 vart Kafr Kanna skildra som ein stor landsby, der høvdingar for forskjellige stammer budde. Hovudstamma vart kalla Kais al-Hamra («Kais den raude») I følgje krønikaren Al-Dimashqi, høyrte distriktet Buttauf, kalla «den drukna enga», til landsbyen.[5] Al-Dimashqi skreiv vidare at vatnet i dei kringliggande åsane rann inn i området og skapte flaum, og så snart landområdet tørka opp vart det sådd korn.[7]
Osmansk tid
endreUnder Det osmanske riket blømde landsbyen på 1500-talet, sidan han låg langs handelsruta mellom Egypt og Syria. I 1596 vart det registrert 475 muslimske hushaldningar og 96 jødiske hushaldningar, og han var då den sjette mest folkerike busetnaden i Palestina på den tida.[9]
Britisk og israelsk styre
endreI folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Kufr Kenna eit folketal på 1 175; 672 muslimar og 503 kristne.[10]
Under den arabisk-israelske krigen i 1948 vart Kfar Kanna erobra av Israel under Operasjon Dekel (15–18. juli 1948).[11] Han vart verande i unntakstilstand til 1966.
I 1968 fekk Kafr Kanna status som lokal kommune i Israel.
Den 30. mars 1976 var ein innbyggjar i Kafr Kanna, Muhammad Yusuf Taha, ein av seks som vart drepne av det israelske forsvaret under Land Day-demonstrasjonane.[12]
Folkesetnad
endreInnbyggjarane i Kafr Kanna er arabiske israelarar. I 2014 utgjorde kristne rundt 11 % av folkesetnaden.[13][14] Som i mange andre blanda muslimske og kristne byar i området, bur kristne som regel i eldre delar av byen. Kafr Kanna har to gamle bykjernar, der kristne hovudsakleg bur i den eldste og muslimar hovudsakleg i den noko yngre kjernen.[15]
Religiøs tyding
endreByen er blitt identifisert av kristne som Kana, staden der Jesus utførte vinunderet ved bryllaupet i Kana (Joh. 2:1–12). Kana er også omtalt som heimstaden til apostelen Bartholomeus, som Natanael av Kana, i Joh 21:2.
Ifølgje Catholic Encyclopedia frå 1914 går identifiseringa Kafr Kanna som Kana tilbake til minst 700-talet, og pilegrimar kunne vitja staden for å minnast vinunderet. Frå 1100-talet blei det vanlegare å plassera Kana i dagens Khirbet Kana, som ligg rundt 8,5 km nordvest for Kafr Kanna. På 1300-talet blei den tradisjonelle tolkinga av Kafr Kanna som Kana sterkare att, og varte ved til moderne tid.[6]
Dei største kyrkjene i Kafr Kanna er den fransiskanske Bryllaupskyrkja og den gresk-ortodokse St Georgkyrkja. Ved den katolske kyrkja er det også bygd eit kapell til Bartolomeus.[16]
Sport
endreMaccabi Kafr Kanna spelar i dag i Liga Artzit, det tredje liganivået i israelsk fotball.
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ The near-miracle in Kafr Kana
- ↑ «Regional statistikk». Israel Central Bureau of Statistics. 2017. Henta 22. april 2019. XLS
- ↑ «Tomb of Shimon ben Gamliel vandalized", Jerusalem Post, 21. april 2006.
- ↑ Rabbi Shimon Ben Gamliel's tomb set ablaze, arson suspected, YNet News, 15. november 2009.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 leStrange, 1890, s.469
- ↑ 6,0 6,1 Pringle, 1993, s. 285
- ↑ leStrange, 1890, s.470
- ↑ Thomson, 1860, s.120
- ↑ Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 187
- ↑ Barron, 1923, Table XI, Underdistrikt of Nasaret, s. 38
- ↑ Morris, 2004, s. 421
- ↑ Pappe, Ilan (2011) The Forgotten Palestinians. A History of the Palestinians in Israel. Yale. ISBN 978-0-300-13441-4. s.241.
- ↑ כפר כנא 2014
- ↑ «Arab Christians in Israel» (PDF). iataskforce.org. Inter-Agency Task Force on Israeli Arab Issues. juni 2014. s. 1–2.
- ↑ Ellenblum, 2003, s. 144
- ↑ webit.it, «Cana», Custodia Terrae Sanctae (på engelsk), henta 1. juni 2019
- Denne artikkelen bygger på «Kafr Kanna» frå Wikipedia på engelsk, den 13. desember 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Barron, J. B., red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestina.
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, H. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 1. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Ellenblum, Ronnie (2003). Frankish Rural Settlement in the Latin Kingdom of Jerusalem. Cambridge University Press. ISBN 9780521521871.
- Hadawi, Sami (1970). Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine. Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral.
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. ISBN 3-920405-41-2.
- leStrange, Guy (1890), Palestina Under the Moslems: A Description of Syria and the Holy Land from A.D. 650 to 1500, Committee of the Palestine Exploration Fund, London,
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestina.
- Morris, Benny (2004). The Birth of the Palestinian Refugee Problem Revisited. Cambridge University Press. ISBN 0-521-00967-7.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder and Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Pringle, Denys (1993), The Churches of the Crusader Kingdom of Jerusalem: A-K (excluding Akko and Jerusalem), Cambridge University Press, ISBN 0521390362
- Thomson, William McClure, (1860): The Land and the Book: Or, Biblical Illustrations Drawn from the Manners and Customs, the Scenes and Scenery, of the Holy Land Vol II