Opna hovudmenyen
Feil i uttrykket: Ukjent punktumsteikn, «&»

Kafr Takharim (arabisk كفر تخاريم, òg skrive Kafar Takhareem eller Kfar Takharam) er ein by nordvest i Syria i Idlib guvernement, nord for Idlib. Av stader i nærleiken finn ein Harem i nord, Salqin i nordvest, Abu Talha i vest og Armanaz i sør. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde Kafr Takharim eit folketal på 10 084 i 2004.[1] Byen er òg det administrative senteret i Kafr Takharim nahiyah som består av ni landsbyar med eit samla folketal på 14 772.[1] Innbyggjarane er hovudsakleg sunnimuslimar.[2]

Kafr Takharim
كفر تخاريم
by
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Idlib
Distrikt Harem
Nahiyah Kafr Takharim
Koordinatar 36°6′59″N 36°30′53″E
Folketal 10 084 (2004) [1]
Tidssone EET (UTC+2)
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

Ibrahim Hananu, ein syrisk nasjonalist som leia den antifranske motstandsrørsla i Aleppo-området i 1919, var fødd i Kafr Takharim. Byen, som Hananu hadde representert i Den syriske nasjonalkongressen, tente som base for opprøret hans.[3] I 1958 vart kommunestyret i Kafr Takharim erstatta av eit kommunestyre som vart utpeikt av regjeringa.[4]

Kafr Takharim har vore åstad for demonstrasjonar mot regjeringa og opplevd vald under den syriske borgarkrigen mot styret til Bashar al-Assad. 1. august 2011 rapporterte aktivistar frå opposisjonen at over 175 menneske i byen vart arresterte og offentleg banka opp før dei vart sende i fengsel av tryggingsstyrkane og regjeringsmilitsen.[5] Frå februar 2012 har Kafr Takharim vore kontrollert av Den frie syriske armeen (FSA).[6] Den 1. oktober 2012 vart tre opprørarar drepne i Kafr Takharim under kampar mot den syriske hæren.[7]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Idlib guvernement. (arabisk)
  2. Boulanger, 1966, s. 479.
  3. Gelvin, 1999, s. 133–134.
  4. Daily Report: Foreign Radio Broadcasts, Issues 191–195. United States: Foreign Broadcast Service, 1958.
  5. Assad warns against foreign intervention. Al Jazeera English. 2011-08-01.
  6. Reese, Tim. Few options for West i Syria crisis. The Sacramento Bee. 2012-02-28.
  7. Syria air strike kills 21 in Idlib: watchdog. Agence France Press. 2012-11-01.