Kafroun eller Al-Kafroun (arabisk الكفرون) er ein gresk-ortodoks kristen by i Syria i Tartous guvernement. Han ligg kring 65 km frå byen Hims i An-Nusayriyahfjella, kring 550 meter over havet. Staden er ein populær feriestad om sommaren for lokale som ønskjr å sleppe unna dei høge temperaturane i låglandet. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde al-Kafrun eit folketal på 2115 i 2004.[1]

Kafroun
الكفرون
by
Land  Syria
Guvernement Tartous guvernement
Distrikt Safita-distriktet
Nahiyah Mashta al-Helu
Høgd 550 moh.
Koordinatar 34°51′N 36°14′E / 34.850°N 36.233°E / 34.850; 36.233
Folketal 2 115  (2004)[1]
Tidssone EET (UTC+3)
Kart
Kafroun
34°51′00″N 36°14′00″E / 34.85°N 36.233333333333°E / 34.85; 36.233333333333
Kart som viser Kafroun.
Kart som viser Kafroun.
Kart som viser Kafroun.
Wikimedia Commons: Al-Kafrun

Han er kjend for den årlege festivalen som feirar himmelfarten til Jomfru Maria den 15. august. Festivalen vert heldt på toppen av fjellet Jabal Al-Saideh.

Kafroun er fødestaden til den kjende syriske songaren George Wassouf.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Tartus guvernement. (arabisk)

Bakgrunnsstoff

endre