Kainji er ein innsjø og eit reservoar i Nigerelva i Nigeria. Han stod ferdig i 1968 og er ein del av delstatane Niger og Kebbi. Kainji Lake National Park (KNLP), som ligg rundt innsjøen, vart etablert i 1976 og er den eldste nasjonalparken i Nigeria.

Kainji
innsjø
Land  Nigeria
Område Vest-Nigeria
Innsjøtype Reservoar
Tilsig Nigerelva
Utløp Nigerelva
Areal ~1 243 km²
Største djupn 12,1 m
Volum 15 km³
Koordinatar 10°24′N 4°33′E / 10.400°N 4.550°E / 10.400; 4.550
Kart
Kainji
10°24′22″N 4°33′52″E / 10.406111111111°N 4.5644444444444°E / 10.406111111111; 4.5644444444444
Wikimedia Commons: Kainji Lake

Innsjøen og demninga ligg i sør i delstaten Niger, og lagar straum til dei fleste byane i Nigeria. Demninga vart bygd frå 1964 til 1968 og kosta om lag 209 millionar dollar, der fjerdedelen vart brukt til migrasjon av dei som budde i området. Saman med ei mindre demning for ei mindre elv, er ho 10 km lang og 65 m høg på midten. Dette dannar eit reservoar med eit areal på 1300 km² og volum på 150 mrd. m³. Ho har kapasitet til 12 turbinar, noko som i alt ville ha produsert 960 MW i året, men berre 8 vart installerte, slik at ho berre produserer 760 MW i året, men er likevel den største vasskraftstasjonen i Nigeria. Delar av produksjonen vert seld til nabolandet Niger.

Nasjonalpark endre

Kainji Lake National Park (KNLP), med hovudkvarter i Wawa, ligg 560 km nord for Lagos, nær grensa til Benin. Det omfattar to område: Borgu og Zugurma, som er skilde av Kainji. Berre Borgu-delen (den vestlege) vert i dag brukt til turisme. Zugurma, som er den austlege delen, manglar infrastruktur som til dømes vegar. I parken finn ein små dalføre, og høgda går generelt nedover mot aust. Borgu-delen vert hovudsakleg drenert av elvane Oli, Timo og Doro og sideelvane deira, medan Zugurma-delen vert drenert av elvane Maingyara og Nuwa Tizururu. Vegetasjonen i parken er prega av skogsavanne, sjølv om det i nokre område er tørrare. Ved elvebankane finn ein flaummark.

Naturvern endre

Sjølv om området rundt parken er relativt lite folkesett, vert parken påverka av menneskeleg aktivitet, som avskoging, ukontrollerte brannar og ulovleg beitebruk, som er spesielt utbreidd i Zugurma-området. Det er relativt få ville pattedyr grunna tjuvjakt. Fisket i Kainji har hatt stor nedgang grunna industrialisering. Det har vore føreslått at ein periode med stenging og kontrollerte fiskerettar kan vere ei løysing for å få opp att bestanden. Kainji vert elles brukt til irrigasjon.

Kjelder endre